Næringsliv | 16. apr. 2013

Lager liv i sentrum

12 bedrifter på Osøyro er involvert når det onsdag er motevisning og torsdag blir arrangert idékveld for konfirmant-foreldre i Os sentrum.

Lager liv i sentrum
Kristin Oma og Turid Hjelle Leikvoll lager konfirmasjonskveld i interiørbutikken Landboden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. apr. 2013 13:22

Det er ikkje berre administrasjonen i Os kommune som er klare for å gje Os sentrum eit løft, også butikkdrivarane er vår-yre og klare for å skapa meir liv på Øyro.

– I starten var folk litt lunkne, men så blei det brått mange som ville vera med, seier Tove Tvedt Skarstein om "moteshow med tapas" i Kløvertun onsdag.

I morgon kveld er 11 bedrifter representerte når det blir invitert til moteshow og lett servering i Os sentrum.

Mote, mat og blomar

Medan Baronessen, Instinct, Madam Ane og Moberg Sko viser mote vil Toppen Frisør og Kali demonstrera hårstyling og sminketips.

– Os Blomsterservice står for dekoreringa og Engeline og Fisketorget byr på tapas og kanapear.

– Vi har gjort liknande før, etter initiativ frå Ori Flame, men då dei ikkje hadde noko opplegg i år tok vi tak sjølv, seier Tove.

Ein kveld for konfirmant-foreldra

Torsdag kveld er det også eit arrangement i Os sentrum. Då lager Kristin Oma frå interiørbutikken Landboden ein eigen idékveld for folk som skal laga fest, spesielt for dei som skal dekka bord for konfirmasjon.

– I tillegg til å visa lys, dekketøy og serviettar blir det nokre tips om bordkort og korleis laga dekorasjon sjølv.

Med seg har hos Turid Hjelle Leikvoll frå Fisketorget, som stiller opp med smaksprøvar på snittar og tapas, og konfirmasjonskaker frå Solbrød. Også denne kvelden blir dekorert av Os Blomsterservice.

– Vi ser fram til komande tiltak i Os sentrum, men synest det er viktig at folk får veta at det allereie er liv på Øyro. Vi er mange i drift og vi har det ekstra kjekt når vi gjer ting saman, seier Kristin og Turid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.