Lager gruppe for hjerneslagramma
LHL vil utvida tilbodet og opprette gruppe for hjerneslagramma og deira pårørande. Inviterer til seminar i Kløvertun.
For omlag eitt år sidan starta Landsforeningen for hjerte og lungesyke i Noreg eiga gruppe for hjerneslagramma og deira pårørande.
– No ønskjer vi å få til det same lokalt her på Os, seier Karsten Berntsen, leiar av LHL Os.
Starter med kurs
Medan det ligg ei rutine i å opprette kontakt med hjarte og lungesjuke når dei kjem ut av sykehus, er det ikkje tilsvarande for pasientar med hjerneslag.
– Vi har ikkje den same oversikta over kven dette gjeld. Difor startar vi med å invitera til eit seminar, eller kurs i Kløvertun måndag 3. april for både hjerneslagramma og pårørande. Vi håper sjølvsagt at også yngre hjerneslagpasienter melder seg på.
– Tema på kurset blir kva skjer i hjernen når slaget rammar. Årsaker, behandling, risikofaktorar og forebygging av hjerneslag, ulike konsekvensar/utfall av hjerneslag, pasienter og pårørande sine retter, kva kan Os Kommune bidra med og kva kan LHL bidra med, seier Berntsen, som legg til at ein kan melda seg på til han innan 17. mars.
Vil læra av kvarandre
Berntsen håper dei lykkast med å oppretta den nye gruppa i LHL.
– Den første tida etter hjerneslag kan vera ganske tøff både for den som er ramma og for pårørande. Typiske følgjer er sinne, angst eller fornektelse. Vi trur at å få utveksla erfaringar kan vera nyttig. I tillegg vil medlemmane få informasjon om hjerneslag og forskning frå den sentrale gruppa, avsluttar Berntsen.