Sport | 29. aug. 2014

Lager fagdag på Søfteland

Liten klubb tar stort ansvar: Byr på foredrag med SK Brann, Antidoping Norge og Sparebanken Vest.

Lager fagdag på Søfteland
I morgon blir det liga på banen og fagdag i klubbhuset på Stilvoll. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. aug. 2014 09:14

Søfteland Turn og Idrettslag arrangerer STIL Cup for ungar om våren og har eit seniorlag i toppen av 6. divisjon.

– Men idrettslaget har også eit levande fotballmiljø for born året rundt, med fokus på trivsel, tryggleik og læring. Vi har rundt 130 medlemmar og jobbar aktivt med rekruttering. No lager vi til ein kombinert dag med liga utandørs og fagleg påfyll for trenarar og foreldre i klubbhuset, seier leiar for Søfteland TIL fotball, Ole-Johan Berge.

Fagdag og liga blir i morgon, laurdag 30. august, på Stilvoll.

– Vi har begrensa med plass og dette er i utgangspunktet eit internt arrangement, men leiarar frå andre klubbar er velkomne.

Frå Søfteland til SK Brann?

Mens rundt 100 unge fotballspelarar skal blandast saman og delast opp i lag på tvers av alder, for å spela liga og bli betre kjent, skal trenarar og foreldre blant anna få høyra Rune Soltvedt, leiar for utviklingsavdelinga i Brann, halda foredrag.

– Først skal sportsleg leiar i STIL, Kjetil Laasby, ønskja velkomen og snakka spesielt om tilbodet til dei nyaste medlemmane våre, 2009-årgangen.

– Seinare på dagen skal blant anna Soltvedt få ordet. Han vil fortelja om miljø, utvikling og læring.

Fri for snarvegar

Blant foredragshaldarane er også Jan de Lange frå Antidoping Norge

– Fotball er gjerne ikkje den idretten som er mest utsett for doping, men alle foreldre og ungdomar har godt av å høyra om dette.

STIL har inngått i det som blir kalla «Rent idrettslag» og denne formen for foredrag er ein del av det ansvaret vi i klubben ønskjer å ta.

– Jan de Lange er dessutan ein erfaren mann og ein glimrande foredragshaldar. Vi er glade for å få han til Søfteland og eg ser fram til å høyra foredraget «Oppvekst, idrett og fristelser».

I tillegg skal den største sponsoren til klubben, Sparebanken Vest, koma og snakka om det å støtta idretten. Også sponsor Skandisport/Macron er på plass under fagdagen.

Midt i den fem timar lange økta er det dessutan ein minikonsert av ungdomsskuleelevar med musikklærarane Terje Neset og Anne Leni Sæbø på akkompagnement.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.