Lokal | 01. juni 2016

Lager bru over Lyseklostervegen

I førre veke kom kranen på plass, men det blir inga stenging av fv 163 Lyseklostervegen før fellesferien er over.

Lager bru over Lyseklostervegen
I august skal denne kranen løfta på plass elementa som skal danna bru over Lyseklostervegen med ny veg til Endelausmarka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. juni 2016 10:32

Bildeserie:

Veidekke er godt i gang med fundamenta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Veidekke er godt i gang med fundamenta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kranen er i bruk også før brua skal støypast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kranen er i bruk også før brua skal støypast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Øvst til venstre ser du korleis krysset skal bli (SVV)
Øvst til venstre ser du korleis krysset skal bli (SVV)
15. juni skal denne brua på den nye fylkesvegen støypast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
15. juni skal denne brua på den nye fylkesvegen støypast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nærmare E39 skal fylkesvegen òg gjennom dette skaret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nærmare E39 skal fylkesvegen òg gjennom dette skaret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Endelausmarka med avkøyrsle mot Lysefjorden til venstre. (Ill: SVV)
Endelausmarka med avkøyrsle mot Lysefjorden til venstre. (Ill: SVV)
1 av 6

Som del av E39 Svegatjørn-Rådal blir det jobba med ny fylkesveg frå ny E39 frå Endelausmarka til Åsen, med nytt trekant-kryss for tilkomst til fv 163 Lyseklostervegen og ein eventuell vidareføring, Åsen - Helleskaret.

Les òg: Vil forskottera fylkesveg

Vegen frå Endelausmarka skal både gå gjennom eit skar, som er nesten ferdig gravd ut, og på bru over både augestikkar-myr og Lyseklostervegen.

– Brua over Lyseklostervegen blir med 4,30 meter høgde, så Lyseklostervegen må seinkast noko, seier driftsleiar Vidar Mjelstad frå Veidekke.

Nattarbeid og stenging

Sjølv om kranen er på plass er det ei stund til det byrjar å koma element over Lyseklostervegen gjennom Åsen.

– Forskaling og støyping av brua blir i starten på august. Då blir det ein periode med nattarbeid og stenging.

– Kranen får vi bruk for også før den tid, med fundamenta vi no bygger på kvar side, seier Mjelstad.

Tidleg tilkomst til Lyseparken

Mens E39 Svegatjørn-Rådal skal stå ferdig først i 2022 vil den nye fylkesvegen inn til Endelausmarka bli tatt i bruk lenge før.

– Anleggsvegen skal fjernast og Skogafjellstunnelen, når den er ferdig, blir ny anleggsveg.

– Men Fylkesvegen inn til Endelausmarka skal opna for sivil bruk lenge før, eg lurer på om ikkje den skal vera klar i 2017. Det blir ein blindveg, men den gir tilkomst til Lyseparken parallelt med bygginga av E39.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.