Lager bok om svanene
Sølvi Bugge, som før jul kom med bok om livet ved Oselvo, i kafeen Intim, synes svanefamilien og Hamnesjefen er så unik at dei også fortener å hamna mellom to permar.
Sølvi Bugge vaks opp ved Oselvo, i etasjen over Kafé Club Intim, som familien dreiv. No, i vaksen alder, jobbar ho på legekontoret til mannen, som også ligg ved Oselvo.
– Det er ein kombinasjon av desse to som gjer at eg kom på å laga bok om svanene. For det første har eg eit nært og godt forhold til Oselvo, for det andre er det heilt spesielt at eit svanepar har hekka og fått fast tilhaldsplass her, ein prosess eg har følgt dag for dag sidan dei kom, seier Sølvi.
Skjeret utanfor kontoret til Sølvi hadde frå før eit rikt og underhaldande fugleliv, med hegre, ender og måsar.
Dei siste åra har også svanene hatt mykje tilhald her, og kvar morgon kjem dei bort til bryggekanten for å helsa på Sølvi, som har stor glede av å følgja med på livet i Oselvo.
Kom av seg sjølv
At svanefar har typisk knopsvane-åtferd, med aggressiv revirmarkering, har gjeve den kallenamnet Hamnesjefen. At Hamnesjefen også har vore tatt på land for behandling av blyforgifting, har vore med på å gje svanefamilien ekstra mediemerksemd.
– Det er tatt så mange fine bilde, og historia er så fin og spesiell, at eg fann ut at det no var på tide å snekra saman boka. Eg heldt eigentleg på med eit anna prosjekt, men då eg fekk anden over meg så kom setningane av seg sjølv.
Fantasi og fakta
Den ferske, men produktive forfattaren seier boka kjem til å innehalda litt om Oselvo, fakta om svaner, historia til svanene i Os - og eit stykke skjønnlitteratur.
– He, he! Ja, oppe i hovudet mitt så ser eg for meg kvar svanene kjem frå, kvifor dei kom her og kva dei syntes om starten av livet i Oselvo, der dei blant anna tok seg av ei einsam moskusand i starten.
– Derfor blir det eit kapittel av fri fantasi, men som kanskje ikkje er så langt ifrå sanninga, humrar Bugge.
– Men det viktigaste med boka er å dokumentera desse første leveåra til svaneparet i Oselvo - og å ta med litt fakta om svaner. Når dei bur så tett på oss menneske er det viktig at vi har kunnskap om dei, kva dei helst skal eta, korleis vi kan sjå om dei er sjuke - korleis vi skal forholda oss til dei, uansett om det er i Os eller andre stadar.
Får hjelp
Sølvi har skrive ferdig boka. Også innhaldslista og kapittelinndelinga er klar.
– Fleire av dei som har fotografert svanene desse åra hjelper til med å gje bilde til prosjektet, fortel forfattaren.
Som i førre bok hjelper forfattar Lars Skorpen til med korrekturlesing.
– Åsmund Lien frå kulturkontoret og Oselvarverkstaden vil dessutan skriva eit stykke om Oselvo, som skal inn i boka.
I hyllene til sommaren
I skrivande stund sit Sølvi og samlar faktainformasjon, presseklipp og vel ut bilde til boka.
– Målet er å levera frå meg alt materiell til trykkeriet i slutten av april.
– Boka er truleg klar til lansering på seinsommaren.
Godt sal av Intim-boka
I fjor kom Sølvi med bok om kafeen familien dreiv, Kafé Club Intim, ein populær samlingsplass på 60-talet.
Les òg: Lager bok om kafeen
Boka er godt mottatt og Sølvi har selt cirka halvparten av dei 800 bøkene ho trykte opp.
– Det var veldig godt å få samla desse minnene i ei bok. Tilbakemeldingane har vore veldig fine.
– Men eg skulle ønskja at eg fekk spreidd den meir utanfor Os, for det er mange hyttefolk og bergensarar som har mange minne frå tida til kafeen, og som nok også ville hatt stor glede av denne boka, trur forfattar Sølvi Bugge.
– At eg har fått Bunnpris Vedholmen til å selja boka kan nok gjera at eg når ut til fleire av desse, spesielt frå påske av, og utover sommaren, trur ho.