Lagar aktivitetspark på Lyngheim
I samarbeid med Grannelaget aust om elvo planlegg kommunen aktivitetspark på Lyngheim.
Før kommunestyret tok ferie i midten av juni godkjente dei samrøystes sju nærmiljøanlegg som investeringsprosjekt for 2015.
Både Os, Nore Neset og Lysekloster barneskuler får nye anlegg med henhaldsvis hinderløype/akebakke (Os), klatreapparat, sandkasse, huske (Os), glidebane (Nore Neset), utandørs treningsapparat (Nore Neset) og ballbinge (Lysekloster).
– Alle desse anlegga vil vera tilgjengelege for innbyggarane på ettermiddag, kveld og i helgene.
– Dei siste to anlegga som blei handsama var to anlegg på Lyngheim, fortel Tom Leonsen, idrettskonsulent i Os kommune.
Attraktivt turmål
Dei to anlegga som er under planlegging er ein klatresentral for born og utandørs treningsområde med fem seks apparater.
– Målet er å få begge desse på plass i løpet av hausten. Saman med strandvegen, den eksisterande ballplassen og nye og gamle sittegrupper vil det gjera Lyngheim til ein attraktiv plass for både barnefamiliar og turgåarar.
– Området er allereie eit attraktivt mål for skular og barnehagar på utflukt. Med dei nye anlegga vil det bli enno meir tilrettelagt, trur Leonsen.
Sentrumsnært grøntområde
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt kor Grannelaget aust om elvo, Stiftinga Lyngheim og sameige Lyngheim alle har vore orientert og involvert i planane.
– No når kommunestyret har godkjent investeringsprosjekta vil vi gå inn i detaljplanlegging saman med desse, kor vi tek utgangspunkt i tidlegare søknader og berekningar, mellomanna med tanke på grunnarbeid som må gjerast.
– Midlar til prosjektet er på plass. Mellomanna stiller Grannelaget med både dugnadshjelp og eigenkapital. Dette er på mange måter det grøntområdet som er nærast dei. I tillegg er det eit sentrumsnært området som mange kan nytta.
– Difor vil vi legga tilrette for flest moglege brukergrupper. Faktisk lanserte ordføraren ønske om nærmiljøanlegg på dette området allereie i 2009, avsluttar idrettskonsulenten.
Den totale opprustinga har ei kostnadsramme på tilsaman 923 000 kroner, kor halvparten er tenkt finansiert med spelemidlar.