Laga bråk
Politiet måtte rykka ut til både Catten og Solsiden natt til sundag.
- I 01- tida fekk vi melding om ein vanskeleg gjest på Solsiden, fortel operasjonsleiar Hans Eirik Thue.
- Gjesten hadde laga bråk, men var gått frå staden då politiet kom fram.
Då klokka nærma seg tre på natta måtte vaktane på Catten få kontroll på ein gjest som laga bråk.
- Patruljen viste han frå staden med beskjed om å ikkje koma attende.
Ikkje lenge etter fekk politiet ei ny melding frå Catten, denne gong var det slosskamp utanfor lokalet.
- Det roa seg, så då vi kom fram på staden var dei blitt vener igjen, seier Thue.
14 kontrollerte
Politiet hadde òg traffikkontroll natt til søndag.
- Kontrollen var i Hagavik og av 14 kontrollerte bilar var det ein bilførar som fekk gebyr for manglande bilbelte, avsluttar Thue.