To lag til Lagunen-finale
Os gutar 13 og Os junior var suverene i dagens semifinalar i Lagunen Cup.
Blant 9 lag frå Os som tok seg til sluttspel gjekk 5 til semifinale.
Nore Neset J14, Os J16, Os 2 G19 tapte sine semifinalar medan Os G13 vann 3-1 før dei vann kvartfinalen 4-0 og i dag slo Fana 3-0 i semifinalen.
Søndag morgon speler dei finale mot Gneist, som slo Sotra på corner i semifinalen.
G19: Nesten rein Os-finale
3 av 8 lag i kvartfinalane var frå Os, der Os 1 møtte Nore Neset i den eine kvartfinalen.
Os 1 vann 3-0 over Nore Neset og slo i dag Bønes 2 heile 9-0 i semifinalen.
– Vi hadde god kontroll, men heldt fram med fint spel og fullførte der vi skulle.
– Det var ekstra kjekt med Glenn Krossøy, som nett har kome tilbake etter å ha vore ute med kyssesjuke ei stund. Han brente nokre store sjansar i tidlegare runde, men durte fram frå høgreback og skåra to mål i dag, seier trenar Ørjan Håland.
Os 2 slo Smørås 2 3-0 i ein av dei andre kvartefinalane, men tapte i dag 2-6 for Smårås 1.
Det sto lenge 2-2, men frå midten av andre omgang drog Smørås ifra.
– Sjølv om Os 2 tapte semifinalen viser det veldig breidde i stallen når vi kjem så langt med to lag.
Begge finalane, Os G13 og G19, går på Stavollen klokka 10.30 søndag formiddag.
Sjå oppsett og alle resultat på cupassist.com.