Lokal | 15. juli 2013

Låg promille på Tysnesfest

I allefall på sjøen. Kystvakta fortel at 57% var edru, 41% låg under promillegrensa på 0,8 då dei kontrollerte båtfolket på Tysnesfest.

Låg promille på Tysnesfest
Kystvakta til kai på Våge under Tysnesfest i helga (foto: Kystvakta)
Andris Hamremåndag 15. juli 2013 09:03

I samband med Tysnesfest kontrollerte KV Tor promille, flyteplagg og åtferd på sjøen. Kontrollen blei gjennomført etter anmodning frå Hordaland politidistrikt og i samarbeid med Tysnes og Fusa lensmannskontor.

– Det var stor konsentrasjon av småbåtar som kom til festivalen i helga.

– KV Tor patruljerte på Våge, i og rundt hamnebassenget under festivalen, fortel skipssjef Jon Skålheim i ei pressemelding.

Berre éin over grensa

49 båtførarar blei kontrollert for promille i ein stikkprøvekontroll. 20 hadde promille under 0,8, 28 var edru og berre éin hadde høgare nivå enn 0,8 promille.

– Generelt tykkjer vi at dette var meget gode resultat.

– Båtfolket er bevisste på alkoholinntak og held seg godt innanfor grensa på 0,8 promille når dei førar båt, meiner skipssjefen.

Få avvik

I tillegg til promillekontroll, kontrollerte Kystvakta om båtane hadde naudsynte flyteplagg ombord.

– 195 personar blei kontrollerte og det blei berre avdekka nokre få avvik.

– Generelt er folk i småbåtane veldig flinke til å ha flyteplagg på under fart.

Kravet er at det skal vera flytemidler til alle personane ombord. Manglande flytemiddel kan føre til forenkla forelegg på 500 kroner per person uten vest.

Vil halda fram

Skipssjefen fortel at dei vil halda fram med å ha fokus på promille og tryggleik på sjøen gjennom heile sommaren.

– Vi henstiller til alle å ferdes på sjøen uten promille og utvise godt sjømannskap.

– Vår viktigaste oppgåve no i småbåtsesongen er å sikre folk sitt liv og helse på sjøen. Det skal vera trygt for alle å ferdast på sjøen, avsluttar skipssjef Jon Skålheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.