La lokk på «saka»
I dag blei denne terrassen bygd i ekspressfart, men det betyr ikkje at løyvet om uteservering er i boks.
Tysdag morgon starta arbeidet, tysdag ettermiddag sto ny terrasse utanfor iSushi klar.
Restauranten, som opna i april i år, har søkt om midlertidig løyve på uteservering, men denne har dei førebels ikkje fått svar på.
– Dette er berre pynt
– Vi ventar på svar på søknaden, men dette handlar ikkje om å ta avgjerda på forskot, seier innehavar Roger Johannessen.
Han forklarer at bedet som huseigar nyleg fjerna buskane frå måtte dekkast til.
– For det første samla det seg boss i bedet, for det andre var det enkelte som spaserte gjennom jorda på veg inn i restauranten og drog skit med seg inn. Det var verken fint eller praktisk slik det sto.
Skal ikkje brukast
Terrassen har med andre ord funksjon som eit lokk inntil eit eventuelt positivt svar på søknaden.
– Vi har ingen planar om verken å servera eller bygga rekkverk på terrassen før vi får svar, uavhengig av kva svaret blir så har denne ein funksjon.