Lokal | 30. juli 2016

«Kysten» skårer høgt i ny undersøking

Kysthospitalet i Hagavik kjem saman med Odda sjukehus best ut i Hordaland i ei stor pasientundersøking.

«Kysten» skårer høgt i ny undersøking
Kysthospitalet i Hagavik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 30. juli 2016 10:25

Av 61 sjukehus i Noreg er det berre fire som får karakter 5 i ei stor, ny pasientundersøking.

Kysthospitalet i Hagavik er saman med Odda sjukehus einaste i Hordaland med karakter 4, skriv BT.no.

Både Haukeland, Haraldsplass, Stord og Voss får karakter 3.

Undersøkinga baserer seg på meiningane til 400 tilfeldig valte pasientar frå kvart av sjukehusa. Desse har vurdert sjukehusa på ni ulike område.

Dei 4 beste og 5 verste

Dei fire sjukehusa som landa på karakter 5 er: Betanien Hospital i Skien, den private Feiringklinikken i Eidsvoll, Tynset Sykehus og Sørlandet Sykehus Flekkefjord.

Dei fem som kjem dårlegast ut er: Nordlandssykehuset i Bodø, Klinikk Hammerfest, Helgelandssykehuset i Sandnessjøen, Sykehuset Østfold og Bærum sykehus.

Blir stadig meir nøgd

Samla sett blir norske pasientar stadig meir nøgd med sjukehusa i landet, innanfor sju av dei ni områda som blir vurdert er det tydeleg forbetring dei siste fem åra.

Særleg bra score får personalet, på riksbasis seier 89 prosent av pasientane at dei i stor eller svært stor grad har tillit til legane og pleiepersonellet.

Les meir om undersøkinga på BT.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.