Lokal | 21. nov. 2018

Kyrkja i ny prakt

I 2020 vert Os kyrkje 150 år. No er kyrkja nymåla til jubileet.

Kyrkja i ny prakt
Ei nymåla Os kyrkje - klar til 150-årsjubileum i 2020. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 21. nov. 2018 12:15

Bildeserie:

Kyrkja har fått nye renner og nedlaup. (Foto: KOG)
Kyrkja har fått nye renner og nedlaup. (Foto: KOG)
I 2019 skal kyrkja vedlikehaldast innvendig. (Foto: KOG)
I 2019 skal kyrkja vedlikehaldast innvendig. (Foto: KOG)
Dårleg vêr vart ei utfordring, men no er arbeidet ferdig. (Foto: KOG)
Dårleg vêr vart ei utfordring, men no er arbeidet ferdig. (Foto: KOG)
1 av 3

Kyrkjeverje Gerhard A. Hansen fortel at målararbeidet vart utført av Malermester Lars Holmås i samarbeid med Malermester Kvittingen.

Hansen fortel vidare at det har blitt skifta renner og nedlaup (Fana Blikk), i tillegg til ein del tømrar- og takarbeid (Akasia Bygg).

Utfordrande vêr

Arbeidet var budsjettert til ei kostnadsramme på 1,8 millionar.

Dette vart finansiert ved eit statleg tilskot på 400.000,- og ei kommunal løyving på ein million kroner. Det resterande mellomlegget vart finansiert med avsette fondsmidlar til vedlikehald.

Kyrkjeverje Hansen fortel at førebels rekneskapsprognose viser eit meirforbruk på om lag 200.000 kroner.

– Dette skuldast i hovudsak at det var meir bygningsskade (meir tømrararbeid) enn forventa og arbeidet gjekk over lenger tid grunna dette.

– Vêret var og med å auke tidsbruk og som følgje av det høgare leigekostnad med stillas, seier Hansen. Desse meirkostndadane vert dekka av fondsmidler øyremerkt bygg og vedlikehald.

150 i 2020

Hansen fortel vidare at det er lagt opp til opprusting og vedlikehald av kyrkja innvendig i 2019.

– På nyåret 2019 går vi i gang med å leggja grunnlaget for anbodsrunden for det innvendige arbeidet.

– Dette betyr at Os kyrkje skal vera ferdig restaurert til 150-årsjubileet i 2020.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.