Lokal | 25. mars 2012
Kvinner møtte muren
Fyllekjøring i Finnebrekka: Førar gjekk frå staden, men blei raskt innhenta av politiet.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. mars 2012 08:33
Klokka 04.40 natt til søndag fekk politiet melding om utforkjøring i Finnebrekka, nær Os sentrum.
To kvinner blei observert på veg vekk frå bilen, som enda turen i ein mur.
– Kort tid seinare blei ein kvinneleg bilførar pågripen. Ho er mistenkt for kjøring i rusa tilstand, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Morten Kronen.
Ingen personar blei skadd i møtet med muren.