Lokal | 02. sep. 2013

Kvinne truga med kniv

Politiet har i helga fått melding om trugsmål med kniv, hærverk på drosje, stoppa to med promille og tatt tre menn for brot på besøksforbod.

Kvinne truga med kniv
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. sep. 2013 09:48

Laurdag morgon fekk politiet melding om krangel mellom ein mann og ei kvinne, der kvinna blant anna skal ha truga med kniv.

– Kvinne gjekk frå staden, men vi fann ho igjen seinare på dagen, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Det viste seg då at kvinna har ei utlending-sak på seg og ho blei sett i fengsleg forvaring.

To tatt med promille

Fredag kveld fekk politiet melding om mann i 20-åra som kjørte utan førarkort og med promille.

Bilføraren blei stoppa i Fana og tatt med til blodprøvetaking.

I Os sentrum i 17-tida laurdag blei ein mann i 30-åra stoppa, mistenkt for promillekjøring.

Politiet tok beslag i førarkortet.

Knuste rute i drosje

Ein taxi parkert på Søre Neset blei laurdag utsett for hærverk.

Nokon har knust ei rute på bilen og politiet er interessert i tips.

Fleire brot på besøksforbod

Fredag kveld blei ein mann tatt for brot på besøksforbod mot ein institusjon.

– Det er ikkje første gong og det skjedde fleire gongar i løpet av helga. Det går mot fengsling, seier Sperrevik om mannen, som er i 30-åra.

Både laurdag kveld og søndag morgon var politiet også ute på ulike brot på besøksforbod.

Moped mot kjøreretningen

Laurdag på dagtid fekk politiet melding om ein som tok ein frekk og farleg snarveg.

– Ein moped kjørte motsett veg gjennom rundkjøringa på Moberg og var nær på å kollidera med ein taxi.

– Vi var ute og såg etter vedkomande, men fann han ikkje.

Politiet har avskilta to bilar i helga, ein som sto parkert ved Meny og ein som sto parkert ved Rema 1000.

Politibåten har vore på tokt og kontrollert éin båt i skjergarden i Os, utan å finna noko å reagera på.

Festbråk og lusking

Fredag kveld fekk politiet melding om bråk frå ein fest i ein bustad på Kuventræ.

Det var stille på plassen då patruljen kom fram.

Same kveld fekk politiet melding om ein som gjekk og luska rundt i Gudriflaten, og kjente på dørene på bilar og hus.

Han var vekke då politiet kom fram.

Hittegods i handlevogn

Politiet har i helga fått melding om tjuveri av kjøleskap frå Elkjøp sitt returturpunkt.

Det er også funne ei handlevogn i nærleiken full av varer, blant anna ei el-motorsag som er tatt inn som hittegods.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.