Politi | 28. juli 2021

Kvinne tatt for ulovleg mobilbruk

Straffa for mobilbruk auka 1. januar i år.

Kvinne tatt for ulovleg mobilbruk
Politiet observerte og stoppa bilisten i Mobergsbakken. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. juli 2021 09:13

Tysdag i 20.30-tida observerte politipatruljen ein bilførar som snakka i handhalden mobiltelefon.

– Bilførar, ei kvinne i 20-åra, blei stoppa. Ho erkjente forholdet og vedtok forelegget, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Straffa for ulovleg mobilbruk auka kraftig 1. januar i år.

Storleiken på forelegget auka frå 1.700 til 5.000 kroner, mengda prikkar frå to til tre.

Mengda prikkar blir dobla om du er i prøvetida.

I 2019 registrerte UP og politidistrikta til saman 16.365 saker med ulovlig bruk av mobilen.

Dobbelt så mange menn som kvinner sjekkar mobilen mens dei køyrer.

Kva er lov og ikkje lov?

Dette seier paragrafen:

  • Fører av en motorvogn må ikke bruke mobiltelefon under kjøring.
  • Fører kan likevel bruke mobiltelefonen til å starte opp, gjennomføre og avslutte en samtale når mobiltelefonen under kjøringen er håndfri eller er plassert i en holder.
  • Holderen skal være forsvarlig fastmontert i umiddelbar nærhet av rattet og så nært førers ordinære synsfelt under kjøring som praktisk mulig, med mindre holderen er en integrert del av kjøretøyets orginalinnredning.
  • Når mobiltelefonen brukes håndfritt, kan den også benyttes til å styre og avspille lydfiler.

Du har heller ikkje lov å bruka mobiltelefonen når du står i kø eller på raudt lys, skriv VG.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.