Kvinne skadd på Liafjellet
Luftambulansen måtte hjelpa til, då ei kvinne skadde kneet på Liafjellet måndag ettermiddag.
I 1830-tida måndag ettermiddag hang luftambulansen over Liafjellet.
– Det er ein helsesak. Ein person har skadd seg på tur og luftambulansen er der for å hjelpe vedkommande ut, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Eit vitne Midtsiden har snakka med fortel at det var ei kvinne som skadde kneet på tur til det populære turmålet.
Etter forholda skal det gå bra med kvinna, men ho var ikkje i stand til å ta seg ned frå fjellet på eigenhand og måtte difor ha hjelp av luftambulansen.
Bakkemannskap frå brannvesenet, ambulansetenesta og Røde Kors blei varsla og sendt mot staden. Mørket og ulent terreng gjorde operasjonen vanskeleg. Saman med gode turkamerater og frivillige sørga hjelpemannskapa for at kvinna fekk naudsynt helsehjelp.