Politi | 16. juli 2024

Kvinne sakna frå Nesttun

Oppdatert: Kvinna er funnen.

Kvinne sakna frå Nesttun
Kvinna er funnen og. bildet politiet gjekk ut med er erstatta. (Ill. foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. juli 2024 08:13

Politiet gjekk klokka 05.57 i natt ut med etterlysing av ei sakna dame frå Nesttun.

Ein større leiteaksjon blei sett i gang.

OPPDATERT: Sakna er kome til rette. Ho blei funnen innandørs på ei privat adresse i eige nærområde.

– Vedkomande som bur på adressa kontakta helsevesenet, som igjen ringte politiet på tipstelefon, fortel operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker i Vest politidistrikt.

Tysdag morgon gjekk politiet, i samråd med nærmaste familie, ut med namn og bilde på sakna.

Dette er, saman med skildring, fjerna frå artikkelen etter funnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.