Lokal | 24. nov. 2019
Kvinne køyrde bil med 2,7 i promille
Dømt til 21 dagar fengsel.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. nov. 2019 11:00
Ei kvinne frå Os blei tatt for promillekøyring etter eit uhell ein søndagskveld i april.
Bilturen enda i ein bygning.
Kvinna, som er i 30-åra, viste seg å ha 2,73 i promille.
Sikta møtte i retten og tilsto.
«Siktede har ført bil med svært høy påvirkningsgrad, noe som medfører at allmennpreventive hensyn slår sterkt inn. At bilføringen bare foregikk over noen få meter, må anses å ha sin årsak i at farepotensialet ble realisert nesten umiddelbart ved at hun kjørte inn i en bygning» skriv retten i omtale av straffeutmålinga.
Kvinna blei dømt til 21 dagar fengsel, 17.000 kroner i bot og til tap av førarretten i 2 år og 6 månadar.