Lokal | 02. des. 2018

Kvinne kasta varer på dei som jobba i butikken

Ein ung mann mista lappen etter å ha sovna bak rattet, ei kvinne i 30-åra blei vist vekk frå Amfisenteret.

Kvinne kasta varer på dei som jobba i butikken
Politiet rykte ut til Amfisenteret då ei kvinne kasta varer på dei som jobbar i ein butikk. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. des. 2018 10:00

Laurdag på dagtid fekk politiet melding om ein aggressiv tiggar i Os sentrum.

Vedkomande, ei kvinne i 30-åra, blei vist vekk av politiet, og blei samtidig gjort merksam på tiggeforbodet i Os kommune.

På Amfisenteret litt før klokka 16 i går var det ei anna kvinne i 30-åra som var hissig.

– Ho hadde blitt skulda for tjuveri, men hadde ikkje stole noko. Ho reagerte med sinne, og kasta varer på beteninga, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Politiet ser på episoden som ei valdshending, og beteninga vurderer å melda forholdet.

Mann i 20-åra sovna - køyrde i autovernet på Søfteland

Laurdag klokka 15.50 fekk politiet melding om vinglete køyring på E39 på Søfteland.

– Bilen hadde vore innom autovernet, men køyrde vidare.

Politiet stoppa bilen då den var kome nesten til Amfisenteret.

– Bilførar, ein mann i 20-åra, innrømte å ha sovna bak rattet. Han samtykka òg i førarkortbeslag.

UP skreiv ut eitt forelegg Søfteland

UP har hatt laserkontroll på SØfteland i helga. Dei skreiv ut eitt forelegg, 87 km/t i 70-sona blei einaste fartssyndar denne gongen.

Politiet hadde promillekontroll på Lyseklostervegen laurdag formiddag. Der kom det berre fire bilar forbi, og alle fire bilførarane var edru.

Ung kvinne meldt for to forhold

I 2.30-tida natt til laurdag fekk politiet melding om slagsmål mellom 8-9 personar i Os sentrum.

Midtsiden fekk ikkje tak i politiet for kommentar, men viste til omtale av NRK Hordaland.

– Det var amper stemning, men ingen som slåst då vi kom til staden, fortel Grindstein.

– Kvinna som blei meldt er i 20-åra. Ho skal ha vore involvert i ein valdsepisode og fekk pålegg om å fjerna seg, men retta seg ikkje etter dette.

– Ho blir meldt både for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet, og for å uroa offentleg ro og orden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.