Lokal | 05. okt. 2020

Kvinne funnen av hundepatrulje

Gjekk seg vill på veg til Lyshornet.

Kvinne funnen av hundepatrulje
Ein turgåar på veg til Lyshornet gjekk seg vill laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 05. okt. 2020 10:17

Laurdag ettermiddag blei politiet kontakta av ei kvinne i 30-åra som ikkje fann tilbake på stien på veg til Lyshornet (405 moh).

– Ho forklarte at ho ikkje var fjellvant eller kjent, og trengte hjelp til å koma seg ned igjen, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Os Røde Kors hjelpekorps og Norske Redningshunder stilte saman med politiet. Det blei brukt sirener som lydsignal i forsøk på å hjelpa kvinna å orientera seg.

– Bruk av appen RescueMe gav oss nokolunde lokalisasjon. Kvinna ringte klokka 17.05 og blei funnen av politiet og Røde Kors i 19-tida.

Ho kom seg ned før det mørkna og blei køyrd heim av Røde Kors.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.