Kvinne dømt for innbrot og grovt tjuveri
Avslørt av DNA frå ei ølflaske ho drakk i bustaden.
Ei kvinne i slutten av 40-åra frå Os sto i slutten av april tiltalt for innbrot i ein leilegheit i Bergen.
Ho to seg inn i bustaden via ei open kjellardør og stal blant anna fleire Macbook-datamaskiner, iPad, iPhone, Apple TV, kamera, pengar, klede, smykker, vesker og koffertar.
Kvinna var ikkje åleine.
«Det er tvil om hvor sentral rolle tiltalte hadde under innbruddet. Hun har medvirket til tyveriet både fysisk og psykisk, men det er ikke holdepunkter om hun har tatt noen av de verdifulle gjenstandene med seg hjem og fått vinning av de» står det i dommen.
Ho møtte i retten og sa seg skyldig.
Utgangspunktet for straffereaksjon ved grovt tjuveri i bustad er 45-60 dagar fengsel utan vilkår. Dette tjuveriet blir sett på som i nedre grense for kva som blir rekna som grovt.
Aktor la ned påstand om 45 timar samfunnsstraff.
Det er tvil om ho hadde ei sentral eller perifer rolle under innbrotet. Tiltalte kan ha vore svært rusa, og har både lagt igjen DNA-spor ved å drikka ei flaske øl i bustaden, og lagt igjen veska si, som blant anna inneheldt medisinar.
Tiltalte blei i 2017 dømt for heleri. Ho har to andre dommar på seg, men dei er lengre tilbake i tid.
Ho blei dømt til 45 timar samfunnsteneste og til å betala 28.000 i erstatning til Gjensidige og 2000 kroner til huseigar.