Lokal | 24. mai 2013

Kvinne dømt for fyllekjøring

Hamna i grøfta med 1,58 i promille.

Kvinne dømt for fyllekjøring
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mai 2013 15:13

Rundt midnatt natt til søndag 19. august i fjor hamna ein bil i grøfta på Haugland.

Bilførar, ei kvinne i slutten av 40-åra, var mistenkt for promillekjøring, etter bilturen, som starta ein annan stad på Søre Neset.

Blodprøve tatt fire timar etter utforkjøringa viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,58.

Kvinna møtte i Nordhordland tingrett og sa seg skyldig.

I retten forklarte ho at ho hadde drukke nokre øl og fleire glas vin før ho kjørte, men også at ho hadde drukke to halvliterboksar med øl etter kjøringa.

Det siste festa retten ikkje lit til, då ho ulykkeskvelden hadde sagt til politiet at ho berre hadde drukke vatn etter utforkjøringa.

Kvinna blei dømt til 21 dagar fengsel, 10.000 kroner i bot og til tap av førarretten i to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.