Kvinne (83) lurt for 10.000
Teppeseljaren lokka med gratis teppe – men enda med å kjøra kvinna til minibanken.
Ein Midtsiden-lesar åtvarar osingar mot ein utanlandsk teppeseljar etter at mora hans denne veka blei lurt til å kjøpa orientalske teppe for 10.000 kroner.
– Han lokka med gratis teppe, men enda med å overtala ho til å kjøpa fem teppe.
– Han kjørte ho til minibanken og reiste med pengane utan å legga ifrå seg kvittering, fortvilar sonen til den 83 år gamle kvinna.
Sånn gjekk seljaren fram:
• Først ringte han og sa at han, grunna to hjarteinfarkt, ville legga ned butikken sin.
• Han sa at kvinna var tidlegare kunde og hadde blitt trekt ut som vinnar av eit av teppa han hadde på lager, eit lager som no skulle tømast.
• Han inviterte seg heim til kvinna for å levera teppet, men vel framme på Os viste det seg at det ikkje var nokon gevinst likevel. Då starta seljaren på gebrokkent norsk å overtala kvinna til å kjøpa teppe.
– Føler seg lurt
Kvinna blei overtalt til å kjøpa heile fem teppe av mannen, til ein samla pris på 10.000 kroner.
– Han spelte på samvitet hennar og spurde om ikkje vi ungane hennar hadde vore flinke å hjelpa ho, at ho kunne gje oss eit teppe som takk. Men eg er ikkje interessert i noko teppe, fortel sonen hennar.
Den eldre kvinna spurde etter kvittering, men seljaren sa at han hadde det travelt og skulle til England å studera. Men ho skulle få kvittering når han kom heim.
– Han skal ha vore svært veltalande, og då han hadde reist følte mor mi seg lurt.
– No vil ho bruka angreretten, og vi kjem til å ta kontakt med politiet for å få hjelp til å spora han opp igjen.
Vil åtvara andre
– Eg vil samstundes åtvara andre mot denne metoden.
– Det ser ut som om seljaren siktar seg inn mot eldre einslege, så det kan vera verdt å ta ein prat med foreldra sine om dette, så ikkje fleire osingar endar opp med mange teppe dei eigentleg ikkje vil ha.