Kvinna er funnen
Leiteaksjonen er avslutta etter at den sakna kvinna nyleg er funnen. Tilstanden hennar skal vera god.
Søndag morgon blei det starta ein stor leiteaksjon etter ei kvinne i 20-åra.
Kvinna hadde forsvunne frå heimen sin og blei meldt sakna klokka 6.
Søndag klokka 10.27 fortel politiet at kvinna er funnen.
– Ho blei funnen av frivillig leitemannskap, ikkje lang frå heimen sin i Varåsen, seier operasjonsleiar Ole Geir Magnussen i Hordaland politidistrikt.
– Kvinna skal vera i god behold.
– Rask og god respons
Politibetjent Kenneth Rastad fortel seier han er veldig glad for at kvinna blei funnen i god form.
– Vi var 6 politipatruljar, 5 hundeekvipasjar, helikopter og rundt 30 frivillige i sving med aksjonen. Det var godt at ho blei funnen og at tilstanden hennar er fin.
Politiet og Røde Kors konsentrerte seg først om nærområdet, men vurderte flere tiltak.
Det blei også søkt ved og rundt Banktjørn og Ulvenvatnet, men førebels ingen søk i vatn.
– Eg vil retta ei stor takk til alle frivillige som på kort varsel stilte opp og gav god hjelp. Vi vil også takka Osbadet spesielt, dei stilte opp med ledige lokale og vi fekk etablert ein god base midt i søkefeltet.