Lokal | 25. feb. 2014

Kvikke kast i Endelausmarka

E39, framskynda grunnundersøking: Vegvesenet har ete kvikklunsj i Endelausmarka. For å førebu seg på ein kvikk byggestart.

Kvikke kast i Endelausmarka
Med ein kvikklunsj i lufta er det håp om noko kvikkare byggestart. (Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. feb. 2014 11:59

I førre veke var Statens vegvesen på synfaring i Endelausmarka, arealet der nye E39 Svegatjørn-Rådal er ute i dagen mellom planlagte Skogafjelltunnelen (1,4 km) og Lysehorntunnelen (9 km).

– Det er to årsaker til at vi var på synfaring. For det første har det kome nokre nye folk inn i prosjektgruppa, som vi ville ha med for å gjera dei kjent.

– For det andre skal det gjerast fleire grunnundersøkingar i området, og medan vi ventar på stortingsproposisjonen ser vi på alternative måtar å utføra undersøkingane på, seier prosjektleiar Arne Eltvik i Statens vegvesen.

Medan vi ventar ...

I utgangspunktet ville vegvesenet bygga anleggsveg inn til Endelausmarka, for transport av utstyr til grunnundersøkinga.

Men stortingsproposisjonen, som skulle vore ferdig sommaren 2013 (og sommaren 2012), har framleis ikkje kome.

– For å førebu oss på byggestart vil vi no inn i terrenget med lettare utstyr. Medan vi ventar.

Statens vegvesen vurderer no ulike metodar for supplerande grunnundersøkingar i veglina på delar av det som skal bli nye E39 Svegatjørn-Rådal.

– Vi startar truleg dette arbeidet i mars, seier Geir Brekke, ein av dei som var med på synfaringa i førre veke.

Femti dekar vegareal

Vegetasjonen i Endelausmarka er furuskog og lyng, men framfor alt mykje myr, bekkar og tjørn. Eventuelle undersøkingar blir gjort for å få betre oversikt over djupna i myrene.

Det regulerte vegarealet her er på kring 50 dekar, med fire felts motorveg og av- og påkøyrsler med rundkøyringar i begge retningar.

Dessutan har Os kommune regulert inn eit større næringsareal i det som skal bli Lyseparken, vest for E39. Eit større område rett vest for vegen er og regulert til naturområde.

Prosjekteringa av E39 Svegatjørn-Rådal nærmar seg fullføring. Også konkurransegrunnlaget for entreprisane er snart på plass.

FAKTA, E39 SVEGATJØRN - RÅDAL
– ny veg mellom Os og Bergen
Lengde: 16,3 km, 18 km ny houdveg
Tunnelar: Skogafjelltunnelen (1,4 km) og Lysehorntunnelen (9 km)
Totalkostnad: 6,2 milliardar kroner (prisnivå 2012)
Finansiering: Bompengar og stat
Nasjonal transportplan: Omtalt i NTP 2010-2019
Oppstart: Hausten 2014
Forventa opning: 2020
Fase: Prosjekteringsfase
Kjelde: Statens vegvesen - sjå prosjektside

Les òg: Ber om fritak og utsett betaling


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.