Lokal | 24. feb. 2019

Kvifor tapte Os kommune pengar på børs?

I løpet av 17 år har Os gått i minus to gongar, i 2008 og i 2018.

Kvifor tapte Os kommune pengar på børs?
Ernst Hagen (t.v.) frå Gabler fekk kritiske spørsmål frå Espen Aspenes (Frp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. feb. 2019 12:43

Bildeserie:

Os kommune sin portefølgje. (Ill.: Gabler)
Os kommune sin portefølgje. (Ill.: Gabler)
Om etikk. (Ill.: Gabler)
Om etikk. (Ill.: Gabler)
Resultat i fjor. (Ill.: Gabler)
Resultat i fjor. (Ill.: Gabler)
Lansdowne sin historikk. (Ill.: Gabler)
Lansdowne sin historikk. (Ill.: Gabler)
Til no i år ser det bra ut. (Ill.: Gabler)
Til no i år ser det bra ut. (Ill.: Gabler)
Årets tips; å auka innan globale obligasjonsfond. (Ill.: Gabler)
Årets tips; å auka innan globale obligasjonsfond. (Ill.: Gabler)
På talarstolen; Gunnar Kvåle (MDG). (Foto: KVB)
På talarstolen; Gunnar Kvåle (MDG). (Foto: KVB)
1 av 7

Os kommune har hatt finansportefølgje i 17 år, og har samla tent over 200 millionar kroner på portefølgja.

• Les òg: Har tent 194 mill på 14 år (2015)

For eitt år sidan skifta dei rådgjevar. 2018 blei første år, med unntak av finanskrisa i 2008, at Os tapte pengar på finansportefølgja.

Politikarane såg trenden og viste uro i mai, men hausten blei ikkje betre.

I kommunestyretmøtet tysdag, i samband med at avkastingsrapport for november og desember 2018 blei lagt fram, stilte seniorkonsulent Ernst Hagen frå Gabler for å forklara fjoråret.

– Vanlegvis seier eg at «det er hyggeleg å vera her», no seier eg heller at det er ei glede å få vera her. I dag skal eg stå skulerett, sa Hagen.

Så viste han historikken til Os sine plasseringar, kvifor Os hadde negativ, relativ avkasting - og kva tankar Gabler har for åra som kjem.

Også førre portefølgje ville gått i minus

– Vi har rundt 80 kundar og forvaltar cirka 100 milliardar kroner for kundane våre. Gabler er ein uavhengig rådgjevar. Vi har ingen eigne produkt, fortalte Hagen.

• Målet er å slå indeksen. I fjor landa indeksen på -0,4 %. Os kommune sin portefølgje landa på -2,0 %.

• Os sin gamle portefølgje ville ha landa på 0,9 %, altså betre enn den nye, men ikkje i pluss den heller.

– Men 2019 har starta lovande, mykje av det tapte er tatt igjen per i går, altså allereie på 1,5 månad.

Sjå òg delar av Gabler sin presentasjon i bildeserien over.

Tapte kroner, men ikkje tapt intelligens

– Hovudårsaka til negativ avkasting i fjor er at BlueBay hadde ein svak oktober og Lansdowne har gjeve svak avkasting etter sommaren.

– Lansdowne har ein imponerande historikk, har ofte gjort det sterkt når andre har gjort det svakt, og slo indeksen alle år frå 2012 til 2017.

Hagen anbefaler å visa tolmod gjennom svingingar.

– Dei har hatt ein periode med svake resultat, men dei har ikkje tapt intelligensen sin i løpet av 2018.

Kan tena på å auka global andel

Sjølv om norske obligasjonar slo globale obligasjonar i fjor, og til no i år, trur Gabler at globale obligasjonar vil vera spesielt gode for Os i åra som kjem.

Dag Løtveit, som jobbar hos Gabler, leia oljefondet sine globale obligasjonar i ti år.

Gabler anbefaler Os å kneppa litt til på etikk, gå noko ned på pengemarknaden og auka litt opp på globale.

– Då skal avkastinga kunna auka litt. Ikkje så mykje, men utan å ta høgare risiko. Vi skal i alle fall jobba knallhardt for at neste gong eg står her, så er det for å fortelja om positiv, relativ avkasting.

– Os har ein langsiktig strategi. Vi tar ikkje taktiske val, det skal vi vera varsame med, det er betre at dette blir gjort inne i fondet. Skal vi hoppeaut kvar gong noko går dårleg, så blir vi hoppande mykje rundt.

– For treig med å ta tak?

Førstemann til talarstolen etter Gabler sin presentasjon var Espen Aspenes (Frp).

– Eg synest det er mykje fokus på historikk her, men dette gir ingen garanti for framtidig avkasting. Eg synest òg at det er urimeleg å ta oppsvingen i starten på 2019 til inntekt for at «no går alt så mykje betre». Alle har gått i pluss dei første vekene i år, om ikkje 3,3 % som vår portefølgje, så tett oppunder.

Midtsiden har òg hatt ein prat med Aspenes etter møtet.

– Dei kom med anbefaling om ei auke i globale obligasjonsfond. Er dette noko dei nettopp kom på, eller burde dei kome med anbefalinga tidlegare? Eller har dei kome med anbefalinga, og så har nokon på rådhuset hengt i bremsen? Eg undrast om dei til no har vore for treige med å ta tak.

– Eg er einig i at vi må tola svingingar, men heile poenget med å ha ein rådgjevar er at dei skal vera aktiv. Vi ytra uro i mai, og så blei det ikkje betre før heile marknaden gjekk opp no i 2019.

Satsa grønt? Då må du vera grundig

Hagen fortalte òg etikk, bærekraft og ansvar i Os sin portefølgje.

– Alle fond i portefølgjen følgjer oljefondet på aksjesida, eller strengare.

Når det kjem til grønt kontra globalt, brukte han DNB Global vs DNB Miljøinvest som eksempel, der den eine gav 4 mill i pluss mot miljøaksjer gav overskot på 2,3 mill.

– I dette eksempelet tilsvarar differansen cirka to sjukeheimsplassar.

Dermed teikna Gunnar Kvåle (MDG) og Glenn Erik Haugland (V) seg på talarlista.

– Dette med klima og lønsemd kan vera problematisk, men å ta klimarisiko er framtida. Mange økonomar byrjar å ta omsyn om dette, Olje er sjølvsagt lønsamt i dag, men kva skjer om ti år? Det må vel vera ein balanse mellom det sikre og det å satsa på framtida? spurde Kvåle.

– Som politiker med globalt ansvar vil eg slå eit slag for investering i grøne fond, det har enormt mykje å seia for det grøne skiftet. Men her går det fram som om Lansdowne sitt grøne fokus er del av årsaka til det negative resultatet i fjor. Eg forstår at at vi ikkje kan legga alle egga i same korg, men vi kan ikkje vega opp sjukeheimplassar mot det globale ansvaret for det grøne skiftet.

Ernst Hagen var rask med å frikjenna dei grøne aksjane hos Lansdowne.

– Det er ikkje det grøne som har gjort at Lansdowne gjorde det svakt. Lansdownehar ein tendens til å vera tidleg ute med nye trendar, og det får dei av og til svi for.

– Det som kan vera utfordrande med grøne aksjar er at du må vera veldig grundig før du går inn. Det er mange som tar på seg ein grøn jakke for å skula ein svart genser, og det vil vi ikkje vera med på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.