Kven rykker opp i 2015?
Her er odds på både Os og Lysekloster si avdeling.
Laurdag blei avdelingane i 3. divisjon 2015 publisert.
Les òg: Begge kan rykka opp
Dei to 3. divisjonslaga i Os kommune, Os og Lysekloster, er etter to sesongar med spennande og publikumsrike lokaloppgjer, skilt i to puljer.
– Vi kjem til å sakna desse spennande lokaloppgjera, men er reisemessig glad for at vi får nesten alle oppgjera her i bergensområdet, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
– Eg trur det blir kjekt for både spelarar og publikum at vi får litt nye motstandarar neste år. Reisinga blir ikkje noko problem, vi ønskjer oss opp i divisjonssystemet, så det er berre til å venne seg til, seier sportssjef i Os, Lars Bakkerud.
Os har hamna i avdeling med lag sør for Halhjem-ferja og nedover i Rogaland.
Høgare og lågare odds
I fjor gav Betsson 2,85 i odds (1. plass) for opprykk til Lysekloster og 29 i odds (10. plass) for Os. Dei to laga landa på 3. og 6. plass. Odda, som rykte opp, gav 100 i odds og låg nedst på lista.
No har NordicBet kome med odds på 2015, for begge avdelingane.
Lysekloster får 5,25 i odds (3. plass i si avdeling). Der er Brann 2 klar favoritt framfor Sotra.
Os får 11 i odds (6. plass). Stord er favoritt med 3,10 i odds framfor Staal Jørpeland og Vardeneset.
– Få kan truga Brann 2
– Brann 2 er ein av dei største favorittane i 3. divisjon, slik vi ser det. Dei har eit godt juniorlag og ein stor og sterk A-stall, så dei vil stilla med sterkt mannskap i alle kampar, seier Daniel Vassbund frå NordicBet.com.
– Dei einaste som kan truga Brann 2 er Sotra og Lysekloster, men det blir tøft – veldig tøft.
Vi tror ikke Brann 2 vil avgi mange poeng, avslutter Daniel Vassbund.
Sandal er einig i at Brann 2 er favorittar, men seier 3. divisjon er vanskeleg å spå.
– Det blir berre spekulasjonar. Det var for eksempel få som venta at Odda skulle gjera det bra i år, og så rykker dei opp.
Os er outsider
– Os har hamna i ei jamn og tøff avdeling. Vi trur opprykket står mellom kvartetten Stord, Staal Jorpeland, Vardeneset og Viking 2, i denne rekkefølga.
– Så er Randaberg og Os to outsidarar bak favorittane, seier Vassbund.
Os får lågare odds enn i fjor, men heller ikkje i Os-leiren bryr dei seg mykje om spådomar.
– Dette er totalt uinteressant for oss, seier Bakkerud.
Vinnarodds frå NordicBet.com (3div6):
Stord 3.10
Staal Jorpeland 4.00
Vardeneset 5.00
Viking 2 6.00
Randaberg 9.00
Os 11.00
Kopervik 15.00
Madla 15.00
Haugesund 2 25.00
Vaulen 30.00
Brodd 30.00
Riska 40.00
Åkra 40.00
Vinnarodds frå NordicBet.com (3div7):
Brann 2 1.47
Sotra 4.80
Lysekloster 5.25
Bjarg 9.75
Tertnes 19.00
Øystese 17.00
Austevoll 24.00
Lyngbø 29.00
Vadmyra 30.00
Arna Bjørnar 30.00
Varegg 55.00
Loddefjord 75.00
Nest Sotra 2 95.00