Kven åt mest?
Rodeo-okse og kapp-eting var del av programmet på den vellykka cowboyfesten på Røykenes laurdag.
Laurdag hadde USA-inspirerte Er-An Veikro invitert til cowboyfest, og det mangla ikkje på uniformerte gjestar på vegkroa denne kvelden.
– Dette er det beste arrangementet vi har hatt! Det er tydelegvis utruleg mange cowboyar i år, så sånne festar blir det fleire av, seier Linda Andersen.
Ekte western-stemning
Linda og dottera Hanne Catrine er imponert over kor gjennomført cowboyfesten blei.
– Vi vil takka alle som hadde kledd seg frå topp til tå for å matcha temaet for kvelden, og bandet som fekk sving på gjestane.
Etter planen skulle det også vera oppvising i linedance, men dei aktuelle gruppene var opptatt.
Åt 850 gram med biff
Harald Lekven og Nils Inge Bruarøy, to av stamgjestane med størst appettit, tok utfordringa då Er-An-jentene inviterte til kapp-eting.
– Dei fekk servert éin kilo med kjøt kvar.
Lekven, som rett nok stiller i ein annan vektklasse enn Bruarøy, tok ein grei siger. Nils Inge åt 550 gram kjøt, Harald fekk i seg nesten heile kiloen, 850 gram i tillegg til to bakte poteter.
– Premien var naturlegvis ein porsjon av den populære fredagsbiffen vår. Men den kan Harald få eta ein annan dag, ler Linda.
Gjekk på vatnet
Noko som kanskje ikkje var like cowboy-aktig, men likevel god underhaldning, var «hamster-ball» på Røykenesvatnet.
Selskapet Event AS, som hjelpte Andersen med å laga fest, hadde i tillegg til rodeo-okse med seg nokre store badeballar som gjestane kunne bruka til å gå tørrskodd på Røykenesvatnet.