Fotball | 05. apr. 2020

Kven har størst sjanse - når serien startar?

Odds på 4.-7. div: Vil Os 2, Søre Neset, Eikelandsfjorden, Nore Neset eller Os 3 rykka opp?

Kven har størst sjanse - når serien startar?
Berre tre spelarar i avdelinga skåra meir enn Elias Heggland Myrlid sine 12 mål for Os 2 i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. apr. 2020 10:16

Nokre av fotballbanane i Bjørnafjorden kommune er opne for eigentrening igjen, med vakthald og opningstider som smittevernetiltak.

Det er estimert seriestart for Norsk Tipping-ligaen 23. mai, der Os skal spela borte mot Fyllingsdalen og Lysekloster heime mot Stord dagen etter.

– Det blir jobba med ulike alternativ til gjennomføring av serien, men målet er framleis å gjennomføra alle oppsette kampar, skriv NFF.

Det er ikkje sagt noko om dei lågare divisjonane, med oddssetjarar er klare med spådomane over utfallet av sesongen.

Neppe nytt opprykk til Søre Neset

I desember kom vinnarodds på Norsk Tipping-ligaen. Lysekloster heldt på favorittstempelet, Os blei tippa rett under midten av tabellen, den gong med 50,00 i opprykksodds.

No er det Coolbet.com klare med vinnarodds på alle herredivisjonane, frå 4. ned til 7. divisjon.

Nore Neset/Lysekloster 2 rykte ned frå 6. divisjon i fjor, Søre Neset tok sitt andre opprykk på rad og speler i 5. divisjon i år.

Ingen av dei blir spådd høgt på tabellen i år. Det gjer heller ikkje Os 2 eller Os 3, men våre nye sambygdingar Eikelandsfjorden er venta å gjera det bra i 6. divisjon i år.

Vinnarodds frå Coolbet:

4. divisjon avdeling 2, Hordaland 2020
Arna Bjørnar 3,00
Lyngbø 3,50
Frøya 4,00
Loddefjord 8,00
Varegg 12,00
Djerv 15,00
Nordhordland 20,00
Osterøy 22,00
Os 2 25,00
Voss 30,00
NHH 30,00
Mathopen 30,00

I naboavdelinga blir Fyllingsdalen 2, Bergen Nord, Bremnes og Austevoll spådd på dei fire øvste plassane, Smørås og Norde Fjell nedst.

5. divisjon avdeling 3, Hordaland 2020
Vadmyra 2,75
Telavåg 3,00
Østsiden Askøy 6,00
Fana 2 8,00
Vestsiden-Askøy 10,00
Løv-Ham 12,00
Bønes 15,00
Bjarg 2 20,00
Juristforeningen 20,00
BI Bergen 30,00
Smørås 2 30,00
Søre Neset 30,00

I avdeling 1 blir Sotra 2, Sædalen/Kringlebotn og Trane tippa på dei tre øvste plassane, Ny Krohnborg, Baune og Minde på dei tre nedste.
I avdeling 2 er Valestrand Hjellvik og Norheimsund spådd øvst. Bergen Nord 2 og Åsane 3 nedst.

I 6. divisjon avdeling 6 er Os 3 spådd nest nedst til 20,00 i odds, framfor Sotra 3 og Skogsvåg, mens Austevoll 2 og Viggo blir sett på som favorittar. Eikelandsfjorden er tippa på 3. plass i same avdeling med 6,00 i odds.

I 7. divisjon avdeling 1 er Nore Neset tippa nedst saman med Årsad, begge til 15,00 i odds. Apollo, Neptun og Inter Bergen har ifølgje oddssetjarane størst sjanse til å vinna avdelinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.