Kven har ansvaret?
Er det kommunen som har ansvaret for alle vegar som blir brukt til gang- og sykkelvegar, eller må grunneigarane sjølv stå for vedlikehaldet?
Plan- og bygningsutvalet fekk to saker på bordet sitt torsdag som båe handla om kven som har ansvaret for vedlikehald av, i utgangspunktet private vegar, som blir nytta til offentleg formål som gang- og sykkelveg.
Både i Kuhnlevegen og Giljavegen er ansvaret uavklart.
– Vi freister å få ein oversikt over kva vegar i kommunen det gjeld. Det har vore litt av eit sammensurium opp gjennom tidene.
– Dette freister vi å gå igjennom og samstundes sjå det opp mot ein kommunal vegnorm, som vi òg meiner bør oppdaterast, forklarte driftssjef Marianne Kramer.
Høge kostnadar
Uroen til driftssjefen var mellomanna at eit auka kommunalt ansvar vil medføra ei kraftig kostnadsauke på dei kommunale rekneskapa.
– Det vil vera ganske kostnadsdrivande for kommunen å ha brøyting på ei rekkje mindre stikkvegar. Det er det vi vil gje dykk beskjed om gjennom desse sakane.
– Kva gjer andre kommunar, undra Sonja Vernøy Hansen (Frp).
– Det er fleire andre kommunar som har eit arbeid på gang i høve vegnormar. Enkelte seier at små kommunale vegar vil vi ikkje ha lenger og gir dei tilbake til private. Det har sjølvsagt eit økonomisk aspekt som òg må takast med i diskusjonen, forklarte Kramer.
Vil ha samlesak
At det vil få store konsekvensar for både kommunen og private såg politikarane.
– Vi treng ei samla avklaring for alle vegane det gjeld. Eg foreslår difor at vi ikkje handsamar dei no, men ber administrasjonen komma tilbake med ei samla sak, argumenterte Gustav Bahus (Frp).
Han fekk støtte frå fleire, mellomanna Terje Sperrevik (TvS).
– Eg meiner òg vi må få full pakke frå administrasjonen. Dette handlar om politikk, kven skal vi støtta, kommunen sine budsjett eller velgjarane som roper høgst? Det må vera ei rettferd i det heile. Eg meiner vi må vera restriktive og forsiktige til vi får oversikta, så får vi eller ta diskusjonen når saka om vegnorm kjem opp.
– Uansett har ikkje vi ei krone å løyve til dette. Det ligg på formannskapet sitt bord, påpeika Sperrevik, som òg nytta høve til å rosa administrasjonen som hadde tatt tak i problemstillinga.