Kven eig denne båten?
Nok ei snekke har gått ned i Vargavågen. Os brannvesen har lagt ut lenser og søkjer eigar.
Torsdag ettermiddag fekk Midtsiden og Os brannvesen melding om forureining av ein båt som har tatt inn vatn i Vargavågen.
– Det er ingen teikn på kven som er eigar. Det er noko forureining frå båten, så vi har lagt ut nokre lenser, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.
Dette er andre gong i vinter at ei snekke går ned i Vargavågen. Sist gong meldte eigar seg raskt.
Midtsiden la ut etterlysing med bilde på Facebook, men dette har berre ført til eitt tips, utanom ein som kommenterer at han sjølv eigde og pussa opp denne båten en gong.
– Det er ein som har ringt oss og sagt at det er nokre ungdomar som eig båten. Uansett kven det er håper vi eigar tar kontakt, seier Storebø.
Os brannvesen har vakttelefon 915 68 590.