- Kveldens beste jive
Eirik Søfteland imponerte dommarane og blei belønna med to tiarar i Skal vi danse.
Vi er komen til fjerde runde av Skal vi danse på TV2, og i kveldens program skulle alle deltakarane få bryna seg på jive.
Dansa til Dum dum boys
Blant dei åtte deltakarane så var det Eirik Søfteland som imponerte dommarane mest og endte med heile 38 poeng (9-9-10-10).
- Dette var kveldens beste jive, sa ei begeistra Trine Dehli Kleve.
All musikk til dansane var i kveld på norsk, og Eirik og Nadya svinga seg til Dum dum boys Metallic hvit.
Her er resultatlista før danseduell:
Eirik & Nadya: 38
Kathrine & Tom Erik: 32
Venke & Egor: 30
Kim-Daniel & Elena: 29
Eli & Bjørn: 26
Carl & Therese: 21
Jarl & Alexandra: 20
Pål Anders & Anette: 14
Det var til slutt Jarl Goli og Venke Knudson som måtte møtast i danseduell og der trakk Goli det kortaste strået og er ute av konkurransen.