Lokal | 30. nov. 2019

– Kvart sekund kan vera avgjerande

Røykvarslardagen i morgon: Brannvesenet rykte ut til 69 nattbrannar i Hordaland i fjor.

– Kvart sekund kan vera avgjerande
Alle blei berga ut då det byrja å brenna i Midtskogvegen natt til 22. januar i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 30. nov. 2019 12:01

Søndag 1. desember er det ikkje berre tid for å fyra i første advendtslys, det er inngangen på årets to mest brannfarlege månadar, og datoen 1. desember er «røykvarslardagen».

– Det er tid for å skifta batteri i røykvarslarane dine, og å testa dei. Sjekk at alle høyrer varslaren godt frå eige soverom, også med døra igjen, seier branninspektør Martin Østgulen Svendsen frå Os brann- og redningsvesen.

I 2018 rykte brannvesenet i Hordaland ut til 69 bustadbrannar som starta mellom klokka 23 og 07 om morgonen.

– Når det brenn kan kvart sekund vera avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad fylt med røyk, og når du søv er du heilt avhengig av varsling for å ha sjanse til å redda deg sjølv og andre, seier feiarmeister i Os, Jan Olav Birkeland.

Desember og januar er mest brannfarlege. Vi fyrer meir i omn og peis, bruker meir elektrisitet, tenner fleire lys og drikk meir alkohol.

Kjem på besøk i neste veke

I tillegg til å minna folk på å skifta batteri, legg Os brann- og redningsteneste opp til ei aktiv forebyggande veke etter 1. desember.

Både tysdag og torsdag vil brannvesenet gå saman med Røde Kors ut i ulike nabolag for å sjekka branntryggleiken hos innbyggarane.

Onsdag står brannvesenet på AMFI Os for å dela ut batteri til røykvarslarar saman med informasjon om branntryggleik, måndag står dei på Fjord'n Senter.

roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken heime hos deg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.