Lokal | 22. juni 2015

Kvar er drikkevatnet?

Reservevasskjelda til Os, Hovlandsvatnet, er «litt» redusert.

Kvar er drikkevatnet?
Sånn ser Hovlandsvatnet ut etter nedtappinga. (Lesarbilde, foto: Geir Skarding)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. juni 2015 10:08

Bildeserie:

Fekk du lyst å fiska her? Det er ikkje lov å bada eller fiska i drikkevasskjelder. (Lesarbilde, foto: Geir Skarding)
Fekk du lyst å fiska her? Det er ikkje lov å bada eller fiska i drikkevasskjelder. (Lesarbilde, foto: Geir Skarding)
Arbeidet skal pågå til oktober-november i år. (Lesarbilde, foto: Geir Skarding)
Arbeidet skal pågå til oktober-november i år. (Lesarbilde, foto: Geir Skarding)
1 av 2

Det er nokre meter frå demninga og ned til vasskorpa etter at reservevasskjelda til Os har blitt tappa ned.

– Vi visste om nedtappinga og tok oss ein tur for å sjå. Det var litt av eit syn, seier Geir Skarding, som har sendt oss bilde frå dammen.

Planlagt vedlikehald

Årsaka til den noko låge vasstanden er planlagt vedlikehald.

– Etter pålegg frå NVE, som har tatt ei revurdering på dammane, skal vi støypa på ei ny plate på demninga, fortel prosjektleiar Agnete Haugland frå Os kommune.

– Eg veit ikkje kor tid Hovlandsvatnet sist var tappa ned, men nedtapping var ganske vanleg på 60- og 70-talet.

– Ser de ekstra mykje fisk no når vatnet er så grunt?

– Det er ikkje lov å fiska eller bada i drikkevatn. Det er fisk i vatnet, men i drikkevatn er det berre grunneigar som har lov å fiska.

Har litt i reserve

Arbeidet skal halda fram til månadsskiftet oktober-november.

– Det vil bli laga ein fangdam, med ledningar som midlertidig løysing, men vi håper at vi ikkje får kluss med dei ordinære drikkevasskjeldene våre i denne perioden, sa teknisk sjef til Midtsiden før nedtappinga starta.

Les òg: Uroa for vassforsyninga

Dei som får vatn frå Søvik er ikkje råka, Hovlandsvatnet er reservekjelde for Krokavatnet.

– Vi har laga ein beredskapsplan som gjer at vi har reservevatn for tre dagar om noko skulle skje med forsyninga frå Krokavatnet, seier Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.