– Kvalifisert tullprat
... frå to vaksne menn, lover Espen Beranek Holm når han og Are Kalvø besøker Oseana laurdag om ei veke.
Torsdag kveld underheldt dei to komikarane fanabuarane, laurdag om ei veke tar dei igjen turen over fjellet for å leika seg med osingane.
– Vi hadde ein fin kveld i går.
– Det latar til at folk hygger seg, og då gjer vi det òg, seier Espen Beranek Holm på telefon med Midtsiden.
Leik for to
Samarbeidet mellom dei to komikarane starta då dei to leikte saman på radio, og etterkvart i samarbeid med Jon Balke.
– Vi fann ut at vi ikkje var ferdig snakka og tok med oss dei ideane vi ikkje hadde realisert og skapte eit stand up-show for to.
– Det er litt uvanleg å kjøra stand up med to, det er jo helst berre éin komikar åleine, men det funkar, ler Holm.
– Vi leiker oss med språk og kommunikasjon, korleis vi oppfattar det og ikkje minst korleis kommunikasjon kan misoppfattast.
– Det er mange humoristiske fallgruver innan språket.
Ferskvare
Sjølv om dei to har vore på vegen med showet ei god stund lover Beranek Holm ferskvare.
– Vi har utvikla showet etterkvart. Mykje av det vi starta med er kasta ut og nytt er kome til.
– Det pågår jo regjeringsforhandlingar om dagen, og ein kabal skal leggjast, kor eg ser at mellom anna ordføraren på Os er lansert som eit kort i stokken.
– Kanskje har det kome ei utvikling i den saka som vi kjem innom. Vi beveger oss jo i den norske verkelegheita.
– Spelar gitar og er idiot
Beranek Holm er ein uhøgtideleg fyr, som speler på fleire strengar. Mellom anna musikk.
– Når folk spør kva eg driv med så svarer eg at eg speler gitar og er idiot.
– Til Os er sjølvsagt gitaren med. I tillegg tek eg med Mac-en med nokre backing tracks, så litt musikk skal vi nok få til i Oseana òg, avsluttar Espen Beranek Holm, som gler seg å besøka kulturhuset.