Kva tåler Osøyro og osingane?
Torsdag handsamar Plan- og bygningsutvalet oppstart av arbeidet med områderegulering for Osøyro. Eit viktig spørsmål blir; Kva slags Osøyro vil vi ha?
Då kommunestyret i mars 2014 handsama stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro vedtok samstundes politikarane at ein med grunnlag i denne skulle utarbeida ein ny områdeplan for Osøyro.
Administrasjonen har jobba vidare med dette oppdraget frå politikarane og legg no fram eit forslag til planprogram for områdeplanen for Osøyro.
Eit planprogram seier noko om kva ein skal sjå nærare på og kva områder som er viktig å utgreiia.
Tre delområder
I sakutgreiinga frå administrasjonen kjem det fram at planprosessen vil i all hovudsak fokusere på tre delområder:
1. Dagens sentrum
2. Kaifronten
3. Finnebrekka
Dagens sentrum består av utbygging i kvartalsstruktur med båe handel, næring, bustad, offentleg og privat tenesteyting.
Kaifronten er avgrensa av Hatvikvegen i nord, kaifronten i aust, fjellskjering i vest og næringskai i sør. Området vart sett på i samband med kommunen si deltaking i den internasjonal arkitektkonkurransen EUROPAN 13. Kunnskapen frå desse arbeida vert teke med i den vidare vurderinga i planlegging av utbyggingsstruktur for området.
Finnebrekka, avgrensa av Hatvikvegen i aust høyrer med i landskapsrommet rundt sentrum. Nedre del av Finnebrekka er i arealplanen regulert til sentrumsføremål, mens øvre del til bustad. Planområdet inkluderer på denne sida hovudsakleg dei område som som er synleg frå- og avgrensar landskapsrommet for Osøyro. Arealet har i dag stort utbyggingspress, gode lysforhold og er veleigna for bustad. Det er og naturleg at framtidig utvikling av sentrum dreier seg rundt elva som den sentrale strukturen i landskapsrommet.
Smørbrødliste på 17 punkt
Vidare i saksutgreiinga skisserar administrasjonen 17 hovudpunkt ein ser for seg å utgreia i planarbeidet.
- Utforming av framtidig bystruktur på Osøyro, kaifronten og i Finnebrekka
- Areal til handel, forretning og kontor
- Utforming av gjestehamn
- Plassering av gangbru(er) over Oselva
- Plassering av elvepromenade aust om Oselva - Strategi for parkering av bil/sykkel i sentrumskjerna
- Grøne og blå strukturar
- Veg, gater og torg
- Retningslinjer for estetikk og utforming i sentrum - Nyare kulturminne og verneverdige bygg
- Historiske, kulturelle og identitetsskapande element i Os
- Bustad for alle i alle livsfasar
- Balansert utvikling av handel
- Styrking av born og unges interesser i sentrum
- Fordeling av kostnader ved opparbeiding av felles tiltak
- Rekkefølgje for gjennomføring av tiltak
- Legge til rette for detaljregulering gjennom krav til felles planlegging
Erstattar gamle planar
Områdereguleringa vil komme som erstatning, heilt eller delvis for ei rekkje ulike reguleringsplanar som allereie finnst for delar av området.
Det at ein no startar opp ei områderegulering skal ikkje setta ein stoppar for dei private planane som er pågåande i området, men desse må følgje hovudtrekka og rammene i det pågåande planarbeidet for sentrum.
Vil høyra osingane
Basert på erfaringane frå mellom anna Europan-konkurransa, kor engasjementet var stort og breitt, ser administrasjonen for seg å gjera noko av det same i arbeidet med områdereguleringa.
– For å sikre engasjement, breidde og eigarskap til planen, er det ynskjeleg å inkludere fleire grupper enn dei formelle høyringspartane i oppstarts- og arbeidsfasen.
– Det er og ynskjeleg å opprette nokre lokale forum for å informere om planarbeidet og å ivareta ulike særinteresse (grunneigarar, barn,unge og funksjonshemme, sentrumsforening etc)
– Medverknad bør også forekomme på internett, der kommunen har anledning til ein interaktiv dialog med befolkninga generelt. Kommunen opprettar ein eigen Facebook side for interaktiv kommunikasjon med innbyggjarar, diskusjon og innspel. Forumet vert nytta som kanal for publisering av nye moment i planarbeidet, og opnar for umiddelbar respons frå innbyggarar – spesielt frå ungdom og unge, skriv administrasjonen som også ser for seg ein planverkstad over nokre dagar der folkevalde og innbyggjarane i oppstarten av planarbeidet får moglegheiten til å diskutera overordna verdiar for Osøyro og hjelpe til med å skissera ut viktige hovudelement i planomårdet.
Ein ser òg for seg folkemøter, tett kontakt med ildsjeler, gjestebod og verkstader med elevar frå borne- og ungdomsskulane i sentrum for å kartlegga kva dei saknar og ønskjer seg av Øyro for framtida.