Kva meiner administrasjonen?
Tysdag er det temamøte om kyststamvegen i kommunestyret. Samstundes skal Os kommune seia kva dei meiner. Her er rådmannen si innstilling.
Når kommunestyret tysdag inviterer til temamøte om traseane for Kyststamvegen er det for å få ei siste oppdatering frå Statens vegvesen før dei gjev ei uttale om saka.
Rådmannen innstiller i sakspapira at kommuna går for midtre trasé:
Os kommunestyre viser til dokumenta KVU E39 Aksdal-Bergen, KS1 E39 Aksdal-Bergen og Tilleggsutgreiing til KVU E39 Aksdal-Bergen.
Med bakgrunn i Tilleggsutgreiinga til KVU E39 Aksdal-Bergen vedtek Os kommunestyre følgjande ny uttale i saka;
1. Ferjefri E39 er eit nasjonalt prosjekt med mål om å korta ned reisetida og binda saman arbeidsregionane nord-sør langs Vestlandet. Os kommune vil på dette grunnlag primært rå til midtre konsept 4c for kryssing av Bjørnafjorden.
2. Os kommunestyre ber vidare om at følgjande premiss vert lagt til grunn for det vidare planarbeidet med E39 Aksdal-Bergen:
A. Dersom nasjonale styresmakter vel midtre konsept
- Ilandføringspunkt på Os-sida av Bjørnafjorden må utgreiast nærmare. Os kommune ønskjer primært ilandføring på Halhjem/Bjørnatrynet for å skjerma skjergarden i Søre Øyane.
- Friluftsinteresser, landskap og estetiske verdiar må vektleggjast ved linjeval og utforming av veglekamen/bruer. Viaduktar og miljøtunellar må nyttast der dette skjermar nærmiljøet.
- Parsellen Halhjem-Moberg/Svegatjørn må uansett leggjast i tunell.
- Det bør byggjast nye tverrsamband til Austevoll og Fusa som ein del av hovudprosjektet. Tverrsambandet Os-Fusa bør også sikra at trafikk aust ifrå vert lagt utanom kommunesenteret Osøyro.
- Alle som vert direkte råka av ei eventuell utbygging må få kompensasjon for tap av eigedom/verdiar etter marknadsprinsipp.
- Os kommune ønskjer brei lokal medverknad i det vidare planarbeidet, også om planarbeidet vert vidareført som ein statleg plan etter Plan- og bygningslova.
B. Dersom nasjonale styresmakter vel indre konsept:
- E39 må førast inn i Os kommune, og koplast til eksisterande E39 sør for Endelausemarka.
- Friluftsinteresser, landskap og estetiske verdiar må vektleggjast ved linjeval og utforming av veglekamen/bruer på parsellen Eikelandsosen-Endelausemarka/Svegatjørn. Viadukt og miljøtunellar må nyttast der dette skjermar nærmiljøet. Omsynet til naturverdiar i Oselvvassdraget må vega tungt.
- Om mogeleg må lokaltrafikk frå austre delar av Os kommune kunne kopla seg på E39 aust for Oselva for å redusera trafikken gjennom kommunesenteret Osøyro.
- Alle som vert direkte råka av ei eventuell utbygging må få kompensasjon for tap av eigedom/verdiar etter marknadsprinsipp.
- Os kommune ynskjer brei lokal medverknad i det vidare planarbeidet, også om planarbeidet vert vidareført som ein statleg plan etter Plan- og bygningslova.
3. Uansett val av midtre eller indre konsept må NTP 2014-23 sikra fullfinansiering av E39 Svegatjørn-Rådal slik at dette prosjektet kan realiserast i perioden 2013-19.