– Kva med indre trasé?
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden meiner temamøtet tysdag har stor slagside for midtre trasé. Ordføraren har tillit til at Vegvesenet også presenterar indre lei.
29. januar arrangerar Os kommune eit ope temamøte om Kyststamveien E39 for kommunestyret. Tysdag blei programmet for møte kjent, noko som fekk brumotstanderane til å reagera.
- Programmet for temamøtet har alt for stor slagside for midtre trasé. Det må vi få protestera på det kraftigste mot.
- Vi meiner at Vegvesenet har opptrått som ein politisk aktør, Victor Normann har levert underlaget til vegvesenet og meiner det same som dei.
- Når det i tillegg er ingen som fortel om fordelen med indre trasé, eller om samfunnsfordelane som kan oppnås med denne, så blir det ei slagside for det midtre alternativet, meiner Vibeke Harild i folkeaksjonen mot bru over Bjørnefjorden.
Vil ha ekspert på indre trasé
I programmet er vegvesenet fått 45 minutt til å presentere konsekvensutgreiinga for E39 Aksdal-Bergen, Victor Normann 25 minutt for å presentera dei samfunnsmessige effektane av å binda samen Vestlandet og folkeaksjonen 20 minutt for å presentere deira syn.
- Særleg meiner vi det er problematisk at Victor Normann blir ståande uimotsagt ettersom han sin rapport er blitt kraftig imøtegått frå fagmiljø i Noreg.
- Vi meiner det er av heilt avgjerande viktigheit å kalla inn fagfolk til å presentera fordelane med indre trasé, seier Harild som saman med dei andre i folkeaksjonen har foreslått at Terje Raunsgård skal få plass i temamøtet.
Ikkje einig
Ordførar Terje Søviknes (Frp) er ikkje einig i at Raunsgård bør få taletid.
- Det meiner eg blir heilt feil.
- Terje Raunsgård driv nærings- og arealutvikling i Fusa. Det blir for snevert å tenkje berre næringsutvikling i Os og Fusa i denne samanhengen.
- Når det gjeld uroa over at ikkje indre trasé vil bli presentert har eg tillit til at Statens Vegvesen presenterer båe alternativa i møte, seier Søviknes.
Vil ikkje bli alibi
Folkeaksjonen seier sjølv at dei ikkje er ekspertar på indre trasé.
- Vårt utgangspunkt er motstand mot monsterbru og motorvei.
- Slik programmet er utforma blir vi i folkeaksjonen brukt som alibi frå Søviknes si side. Ved å invitera oss trur Søviknes at han framstår som at alle sider får presentert sitt syn, hevdar aksjonistane.
- Det er ikkje rett.
- Det vi skal handsama i kommunestyret er del av ein planprosess som Statens Vegvesen har vore ansvarlege for, nemleg konsekvensutgreiinga for E39 Aksdal-Bergen.
- Kommunestyret har tidlegere handsama kyststamvegen og gjekk då inn for at både midtre og indre trasé skulle jobbast vidare med.
- Då er det naturleg at vi får presentert det materiellet som vegvesenet har utarbeidd før vi går vidare med den politiske handsaminga i kommunestyret, forklarar Søviknes.
Ville sleppa aksjonsgruppa til
Sidan møtet er eit temamøte for kommunestyret kor grunnlaget for vidare politisk handsaming skal bli presentert kunne ordføraren nøyd seg med å la kun vegvesenet og deira folk få taletid på møtet.
- Vi har jo lagt merke til engasjementet til folkeaksjonen og meinte det var rett at også dei fekk moglegheiten til å presentera sitt syn direkte til dei folkevalde i eit formelt kommunestyremøte.
Aksjonar på utsida
Det som ikkje vil bli tillatt er spørsmål/ytringar direkte frå salen.
- Reglementet for Os kommunestyre og kommunelova slår fast at det ikkje er tillatt med ytringar/spørsmål direkte frå salen.
- Det er heller ikkje tillat å formidla eit politisk bodskap gjennom t-skjorter, banners eller lignade i møtelokalet i følgje reglementet.
Det at ein arrangerar fakkeltog og markerar synspunkta på utsida av møtelokalet er ikkje regulert av arrangementet.
- Om aksjonsgruppa har spørsmål til vegvesenet eller Victor Normann kan dei stilla dei i sitt eige innlegg, forklarar Søviknes.
Dei einaste som kan stille spørsmål undervegs i møtet er dei 35 folkevalde som sit i kommunestyret.