Kva kan skje med Ervikane?
Kva risikerer vi med Ervikane og Oksebåsen, om Statskog legg området ut for sal? Vi har snakka med BOF og Direktoratet for naturforvaltning.
Statskog kan koma til å legga ut skogeigedomar i Strøno for sal på den opne marknaden.
Os kommune og BOF kjempar for å hindra dette og ber Direktoratet for naturforvaltning om hjelp. Dir. nat. vil kanskje hjelpa, men truleg ikkje på den måten Os og BOF håper på.
Eigedomane det er snakk om omfattar blant anna friluftsområda Ervikane, Vetleneset og Oksabåsen.
Bakgrunn: Statskog vil selja fleire eigedomar, blant anna på Vestlandet, for å driva meir effektivt.
I forklaringa (les heile her) står det blant anna:
"I desember 2010 kjøpte Statskog SF selskapene Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS fra Orkla ASA og Borregaard NEA AS. (...) Kjøpet åpner for en større gjennomgang og effektiv arrondering av foretakets eiendommer, og på ekstraordinært foretaksmøte i Statskog SF 27. mai ble det fastsatt følgende kriterier for et omfattende arronderingssalg: • Statskog SF skal selge spredte skogeiendommer foretaket eier fra før. • Nedsalget skal resultere i en bedre arrondering for Statskog og lede til en mer effektiv drift. • Eiendommene selges til markedspris gjennom budgivning. • Statskog skal søke å oppnå høyest mulig pris for eiendommene."
– Om det ikkje kjem ei anna avklaring blir området lagt ut for salg 4. mai. Vi må agera kjapt, sa ordførar Terje Søviknes (Frp) i kommunestyret tysdag.
Kva er worstcase?
Os kommune er saman med Bergen og Omegn Friluftsråd (BOF) i gang med å prøva å hindra Statskog i å legga ut området for sal.
– Heldigvis er det brei politisk semje i Os om å halda på desse områda som friluftsområde, seier administrativ leiar i BOF, Åge A. Landro, til Midtsiden.no.
Men kva om Os kommune og BOF ikkje klarer å stoppa prosessen? Kva om ein privat skogdrivar kjøper området?
– Allemannsretten gjeld likevel, og strandsona skal vera open for alle, så eg trur nok at Ervikane og dei to andre friluftsområda på Strøno alltid kjem til å vera friluftsområde, seier Landro.
– Likevel er det ein veldig viktig kamp vi kjempar no, legg han til.
Parkering, tilkomst og terreng!
I tillegg til tryggleiken med å sikra eigarskap til ommrådet er Landro opptatt av å ta vare på "baklandet" i Ervikane.
– Ervikane er unik, Os blir ikkje det same utan Ervikane! seier BOF-sjefen om det som har vore kåra til bergensområdets finaste friluftsområde.
– Det som er med på å gjera Ervikane spesiell er tilkomsten, parkeringa, stien og det fine terrenget ned mot badevikene. For det første er tilkomsten fantastisk, det er ikkje alle som har båt eller som tar seg lett fram i kupert terreng. Ervikane når du også med barnevogn og rullestol.
– For det andre er det heilårsbruk i Ervikane, og baklandet er ein viktig del av området. Med den folkeveksta det er i Bergen og Os må vi ta vare på sånne grøne lunger.
Ei kompleks hastesak
Om ikkje det blir ei avklaring innan 1. mars vil Statskog førebu seg på å legga området i Strøno ut for sal på den opne marknaden i mai.
– Vi har sendt eit brev til Direktoratet for naturforvaltning der vi forklarer situasjonen og ber dei om hjelp til å sikra området.
– Det er ei kompleks sak og eg trur Dir. nat. og Statskog, som sit med nøkkelen, har intense samtalar om dette no, seier Landro i BOF.
Skeptisk
I avdeling for naturbruk og vern sit Roar Skuterud som seksjonssef for friluftsliv. Skuterud seier dette om saka:
– Vi held på å undersøkja om vi kan få til ein utsjekk av området før det blir lagt ut for sal. Dette er ikkje avklart enno, men eg er skeptisk til om vi får det til.
– Ved utsjekk er det ofte eit makebyte, med skogvern som argumentasjon. Slike avtalar sit langt inne og eg tviler på at vi får det til her.
Dir. nat. har dessutan ikkje forkjøpsrett, så dei kan ikkje kjøpa området ut før det blir lagt ut på den opne marknaden.
Kva blir løysinga?
Om det går mot sal på den opne marknaden, kva skjer då? Kan Dir. nat. likevel hjelpa?
– For det første; vi har ikkje gjeve opp å få til ein utsjekk. For det andre; ja, vi kan kanskje hjelpa kommunen og BOF med å kjøpa området frå Statskog, på den opne marknaden, seier Skuterud.
Det kommunen og BOF må gjera då er å søkja om støtte frå sikringsfondet til Dir. nat.
– Kjem dei opp på prioriteringslista vår, noko denne type område ofte gjer, så kan vi gje støtte og grønt lys til å by på området, men sjølvsagt innanfor ei viss ramme.
Kvart år blir det gjeve ut ein del kroner frå sikringsfondet. Men det er foreløpig mykje som er usikkert når det kjem til sikring av Ervikane og det viktige baklandet.
Fakta om Statskog SF:
• Noregs største grunneigar
• Forvaltar 1/5 av Noreg, 60.000 km2
• Staten eig 100 % av Statskog SF