Kva gjer Røde Kors?
Flyktningesituasjonen i Europa. Os Røde Kors har gjeve 50 000 kroner av sine katastrofemidler. – Laurdag står vi med bøsser utanfor dei fleste matvarebutikkane i Os.
Os Røde Kors følgjer opp Norges Røde Kors sin innsats med å gje 50 000 kroner frå sine katastrofemidler og stiller med bøsseinnsamling ved dei fleste matvarebutikker i Os laurdag.
Dei lokale Røde Kors-foreningane arbeider med praktisk assistanse og støtte til flyktningar over hele Europa.
– Spesielt i Hellas, Tyskland, Italia, Makedonia, Ungarn og Serbia er vi nå engasjert i ekstraordinære naudhjelpsoperasjonar, fortel Nina Solvår Sælen i Os Røde Kors i ei pressemelding.
– Vi håpar osingane vil støtte dette arbeidet ved å bidra med pengar til bøssebærarane laurdag eller ved å senda SMS til 2272. Skriv FLUKT og gje 200 kroner. Du kan og nytta konto 8200 06 10190.