- Kva gjer de her?
Bilde: Hamnesjefen var ikkje heilt nøgd då brannvesenet og biolog kom i Oselvo onsdag, sjølv om dei berre var der for å hjelpa.
I januar/februar var Hamnesjefen dårleg. Etter at Os dyreklinikk hadde undersøkt han blei det konstantert at han var blyforgifta og kommunen blei med på å ta rekninga for medisinane slik at han igjen skulle få vakta hamna og ta seg av familien, noko som blei feira med svanedans då han slapp fri frå behandlinga.
At han igjen er frisk og rask er det liten tvil om. I desse dagar ventar han og frua eit nytt kull ungar og Hamnesjefen er allereie i full sving med å halde nysgjerrige og "inntrengarar" unna. Onsdag var det brannvesenet og Geir Helge Johnsen hjå Rådgjevande Biologar som fikk merke hamnesjefens vrede då dei skulle ta sedimentsprøver i elva.
- Vi skal ta prøver av botn og av gras langs kanten for å sjå om vi finn blyforekomstar i dette, forklarar Johnsen.
Gode prøver
Ved hjelp av brannvesenet sin gummibåt og ein "spesialspade" tok Johnsen prøver på det djupaste midt i elva og ved utløpet av Baronselva. I tillegg tok han med seg grasprøver langs austsida av elva i området der svaneparet hekkar.
- Graset har svanene allereie spist av, så dette bør gje oss godt grunnlag for å vurdere om det er dette som er årsaka til at Hamnesjefen blei sjuk i vinter.
Lokkedue for Hamnesjefen
Medan Johnsen tok prøvar hadde Svein Rune Frantzen i brannvesenet si fulle hyre med å vera lokkedue for den hissige svanefaren slik at biologen fekk jobba i fred.
- Det er godt Svein Rune har kraftige "lærhender", kommenterte brannsjef Stein Gjøsund tørt der han sto på trygg avstand og betrakta "kampen" mellom Hamnesjefen og brannmannen.
Resultat frå prøvene er venta å vera klare i løpet av neste veke.