Kuttar og aukar
Skulesektoren i Os kommune er inne i ei tøff kuttrunde om dagen. Politikarane er kritiske til økonomistyringa, men gjev løfte om 2 nye millionar til 1. klassingane.
Fleire av skulene i Os har det siste året slite med å halde seg innanfor dei tildelte budsjettrammene, noko som har ført til kutt, mellomanna gjennom omplassering av, etter det Midtsiden kjenner til, 15 tilsette i skulane for å komma ned på eit kostnadsnivå i tråd med budsjetta.
Dette har fått mellomanna Kommunalt foreldreutval til å reagera og å arrangera fakkeltog mot kutt i skulane.
Då Frp/H/KrF/V presenterte sitt omforente budsjettframlegg i formannskapet tysdag kom dei med kritikk av økonomistyringa.
"Koalisjonen er ikkje nøgd med at område Oppvekst og Kultur dei siste åra har hatt relativt store overskridingar. Også for 2013 er det varsla om vesentleg meirforbruk i høve budsjettramma. Dette trass i auka løyving på kr 2,5 mill til barnevern i løpet av året, og kommunestyret si presisering om at rammene for område som heilskap må haldast. Økonomistyringa ved enkelte skular har ikkje vore tilfredstillande. FrP/H/KrF/V ber om at det for 2014 vert sett fokus på dette, og at området får ein full gjennomgang med støtte frå økonomiavdelinga og rådmannen."
2 mill til betre læring
Samstundes som fleirtalskoalisjonen er kritiske til budsjettstyringa finn dei rom for å styrke skulane gjennom "Prosjekt betre læringsresultat".
– Det er viktig å følgje opp "Prosjekt betre læringsresultat".
– Sjølv om ein skal fokusera på dei tiltaka som kan gjerast innan ramma, så vil vi auke denne med 2 milllionar i 2014, øyremerka til prosjektet, forklarte Terje Søviknes (Frp) i møtet.
Fleirtalet legg i budsjettframlegget føringar for korleis midlane skal nyttast.
"Midlane skal primært nyttast til prioritert tiltak nr 1 – God skulestart. Administrasjonen må vurdere kva ekstra personell som kan gje best effekt på 1.trinnet, assistentar eller auka lærarressursar."
Det prioriterte tiltaket inneber at ein styrkar vaksentettheiten på 1. trinnet og skapar eit nettverk for dei som jobbar på trinnet, med mål om å skapa betre læringsmiljø for å innarbeida gode rutiner for læring.
Kan komma meir
Om kostandane til barnehagane blir lågare enn det ein fryktar i 2014 kan det koma meir midlar til prosjektet.
– Blir desse lågare kan dette gje rom for auka satsing på Prosjekt Betre læringsresultat, heiter det i framlegget.
Ein vil òg køyra eit prøveprosjekt med Ipad som hjelpemiddel i ei ungdomsskuleklasse på 8. trinnet våren 2014 for å høsta erfaring.
Styrkar PPT
I framlegget har Frp/H/KrF/V lagt inn 500 000 kroner til ei ny stilling i PPT.
– Vi syner til meldingar om auka tal på klager og lang sakshandsamingstid innan PPT. Kommunen slit med å gje lovfesta rett til spesialpedagoisk hjelp.
– Koalisjonen aukar kapasiteten ved tenesta med ei stilling.
– I tillegg må administrasjonen gå gjennom tenesta og vurdera samla organisering, leiing, samarbeid PPT-skule etter modell frå det arbeidet som har vore gjort i barnevernet, påpeika Søviknes.