Kunstnar-søstre med samspel på Vedholmen
Laurdag opnar ei ny utstilling på Vedholmen, med søstene Helland-Hansen på plakaten.
Utstillinga blir opna av tidlegare rektor på kunsthøgskulen i Bergen, keramikar Nina Malterud. Galleristen diskar også opp med musikkinnslag og lett servering.
– Det er ei stor glede og ære å ønske søstene Elisa og Ida Helland-Hansen velkommen til oss. Elisa og Ida Helland-Hansen viser kunsthandverk i keramikk og maleri/trykk på tekstil, fortel gallerist Vibeke Harild.
– Det er andre gong at Vedholmen Galleri er utstillingsstad for to så forskjellige, og særdeles innovative kunstnarar, som boltrer seg i nydelige visuelle,- til tider leikne uttrykk.
Leiken og brukande
Elisa Helland- Hansen seier dette om kunsten sin i ei pressemelding:
– Det er 40 år sidan eg starta utdanninga mi som keramiker. Min kjærleik til dei brukbare kvardagsgjenstandane har berre blitt forsterka gjennom alle desse åra.
– Interessa mi knyter seg blant anna til det sansbare ved gjenstandane – korleis ein held rundt ein kopp, oppleva varmen gjennom godset og kjenna kanten møte munnen. Forutan vektlegging av estetiske kvaliteter blir sjølve handteringa og den daglege omgangen med tinga viktig for meg.
– Dei taktile og sensoriske opplevingane blir forsterka gjennom samhandling med gjenstanda ved tilbereding av mat, dekking av bord og servering av måltid. En fysisk og mental berøring.
Abstrakt tekstil
Ida Helland-Hansen har skildra utstillinga si slik:
– I Vedholmen Galleri vil jeg visa nokre større tekstilar og fleire mindre bilder på eller bak glas. Eg likar å arbeida med kontrastar, både i materialbruk, storleik og oppbygning.
– Arbeida er i hovudsak abstrakte, men ein kan ana gjenkjennelege element. Eg blir ikkje lei av å leita meg fram til nye bilder som kan skapa assosiasjonar, det blir litt som ein arkeolog som ”grev frem” fjerne historiar som kan gjenfortellast.
Framhevar kvarandre
Dei to kunstnarane likar å stilla ut saman.
– Det er alltid ei glede å stilla ut saman med søstera mi Elisa. Vi ser at arbeida våre spelar fint ilag, og berikar kvarandre på eit vis.