Kunst til elevane
Oseana startar formidlingsprogram mot skulane. No skal huset fyllast med nysgjerrige born i møte med kunsten og kulturen.
Med Kavlifondet på laget kunne ein entusiastisk Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg presentere Friskunst, eit formidlingsprogram som skal ut i skulane.
– Dette er vår måte å gje noko tilbake til dei unge i bygda.
– Vi skal ikkje berre vera ei scene, men òg ta samfunnsansvar og vera eit pulserande kulturhus, fortalde Lindeberg.
Møter elevane i skulen
Friskunst skal møte elevane jamnleg gjennom den 10. årige skulegangen.
– Det blir program for 4., 6., 8. og 10. klasse.
– 4. klassingane byrjar i kunstsamlinga, 6. klassingane skal få gjera eit klassisk prosjekt, gjerne i ei moderne innpakning, 8. klassingane skal igjen i kunstsamlinga medan 10. klassingane får eit møte med meir moderne og populære kunstformer.
– Karina Opdal, som er leigd inn som prosjektleiar, skal ut i skulene og starta prosjekta der, før elevane kjem inn hit.
– Eg har hatt fantastiske erfaringar av lignande prosjekt tidlegare. I Bergen har eg jobba med 1000-vis av born som har fått sitt møte med kunsten gjennom tilsvarande prosjekt i regi av Bergen Filharmoniske orkester, fortalde ei entusiastisk Opdal.
Går inn med 350 000
Kavlifondet går inn i prosjektet med 350 000 kroner, men kva den totale kostnadsramma er vil ikkje Ole Tobias Lindeberg ut med.
– Kommunen bidreg med noko og vi med noko.
– Det at Kavlifondet ville gå inn og støtta var viktig for å få til prosjektet, fortalde Lindeberg.
– Når vi skal gå inn med støtte, så ser vi etter prosjekter med element av utdanning. Her fant vi både høg kvalitet og pedagogisk innhald, skaut Inger Elise Iversen frå Kavlifondet inn.
– Eit tillegg
Kommunalsjef Ingvar Torsvik presisert at prosjektet ikkje er eit tillegg til den ordinære undervisninga.
– Vi er opptekne av å ta heile Os i bruk i undervisninga, som vi for eksempel gjer med Oselvarverkstaden.
– No utvidast det til også å omfatta Oseana. Det er viktig å presisera at dette ikkje er eit tillegg til læreplanen, men ein del av den.
– Det å treffe grensesnittet mellom dei professjonelle og det vi gjer i skulen har vore sakna. Med dette prosjektet får vi dekka eit behov, meinte Torsvik.
Første del av prosjektet blir når Navid kjem til Os i byrjinga av desember.