Lokal | 14. juni 2013

– Kunne gått skikkeleg gale!

Fire ungdommar havna på hovudet i trappa då koppen på karusellen løsna. – Vi priser oss lykkelege for at det ikkje gjekk verre, fortel far Bjørn Michelsen.

– Kunne gått skikkeleg gale!
Bjørn Michelsen prisar seg lykkeleg for at det gjekk bra med sonen Gabriel og venene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 14. juni 2013 18:26

I 15-tida fredag ettermiddag var Gabriel Walden Michelsen og venene på tivoliet på grusplassen ved Os ungdomsskule. Fire ungdomar fann dei ut hadde lyst til å prøve dei snurrande koppane og satte seg spenningsfulle tilrette.

– Vi snurra rund som vanleg, før koppen plutseleg tippa opp på høgkant før den lausna og vi hamna på hovudet i trappa.

– Eg slo meg litt i skuldra og måtte hjelpe ei av dei andre laus, fortel Gabriel (13).

Gabriel kom heldigvis frå ulukka med "berre" eit skrubbsår på skuldra. Korleis det gjekk med dei andre veit han ikkje, anna at dei som han, var i sjokk etter ulykka.

– Reagerar kraftig!

Far Bjørn Michelsen er sjølvsagt rysta etter ulykka med sonen.

– Noko av det eg reagerar kraftigast på er det Gabriel fortel om at dei tilsette var meir opptatt av å få karusellen i gang igjen i staden for å ta seg av dei.

– Dei tilsette sprang til, men ikkje for å hjelpa. Berre for å løfta koppen på plass igjen, fortel Bjørn Michelsen.

– Dette kunne gått skikkeleg gale. Det er berre flaks som gjer at Gabriel og dei andre ikkje blei meir skadd dei blei!

Takkar tilfeldig forbipasserande

Endre Homlong er far til ei av jentene som sat i koppen saman med Gabriel.

– Vi var på jobb då det skjedde, men heldigvis var det ein voksen som tilfeldigvis var der som tok seg av jentene og køyrde dei heim.

– Eg må få lov til å takka denne for hjelpa. Vi set utruleg stor pris på det, fortel Homlong som legg til at det etter forholda går bra med dottera.

Har stoppa karusellen

Michelsen varsla politiet umiddelbart då ulukka skjedde.

– Vi har vore der borte og stansa all bruk av den aktuelle karusellen, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

– I tillegg har vi kontakta jernbanetilsynet som har godkjenningsansvaret for karusellar.

– Dei vurderar no kva som må gjerast. Inntil vidare har vi lagt ned bruksforbod på karusellen, seier politiførstebetjenten.

Skruver løsna

Koppen som løsna går på ei skinne rundt karusellen og snurrar samstundes rundt sin eigen akse.

– Undersøkingane tydar på at skruvane som held den aktuelle koppen fast har løsna, fortel Hadler-Olsen om hendinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.