Kulturkveld i nytt studio
Komponist- og musikarparet Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo har bygd om reiskapshus til møtestad. I morgon er det tid for open scene-konseptet «Halvtygd».
Inspirert av Studio 54 i New York har Haugland og Tronsmo døypt delar av reiskapshuset sitt til Studio E39.
På det vesle gardstunet på Haugland er det nemleg inga gardsdrift, men rigga for produksjon av musikk og no også for kulturformidling.
– Vi har både fått offentleg støtte og ambulerande skjenkeløyve, og skuret er bygd om med eige kjøkken og er eigna for både intimkonsertar, utstilling, selskap og møteverksemd, fortel Glenn Erik.
Onsdag kveld skal dansar Lisa Nøttseter sitt prosjekt, Halvtygd, fylla lokalet med stemning.
– Det blir både dans, foto, litteratur og musikk, Lisa skal sjølv på scenen, det same skal Tarjei Lyssand, forfattar Fredrik Schimdt Fotland og eg og Heidi, med premiere på eit nytt musikkomsept, Duo Diip, fortel Haugland.
Hallo og Vin
Halvtygd er første arrangement i nye Studio E39 i haust, men ikkje det siste.
– Vi har planlagt to til, rundt halloween og thanksgiving, men på vår eigen måte. Vi har kalla dei to kveldane «Hallo og Vin» og «Takk og Gi», humrar komponisten.
Neste år blir det fleire og større arrangement. Lokalet er blant anna leigd ut til konfirmasjon, men skal også brukast til å feire Haugland og Tronsmo sitt selskap, Opera Omnia, sitt 25-årsjubileum.