– Kult på cheerleader camp
VIDEO: Cheerleader-gruppa i Os Turn har fått ein brakstart. Denne veka var over 40 jenter på camp i Oshallen.
I slutten av mai fortalte Os Turn om eit nytt tilbod i idrettslaget, cheerleading. Denne veka har 44 jenter vore på cheerleader camp i Oshallen.
– Det har vore kjempegøy! Instruktørane er sinnsjukt kule, seier venninnene Marielle Aasen, Mona Hjelle og Lotte Haug.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Vi har aldri prøvd det før, berre sett det på film. Det ser så gøy ut at vi ville prøva, som supplement til jogging og treningssenter.
Frå 6 år og opp
Det er amerikanske Mia Elnes og dottera Julia, som flytta til Os for ikkje så lenge sidan, som instruerer.
– Vi kjem frå North Carolina og Julia, som no er 12 år, starta med cheerleading for fem år sidan.
– Eg engasjerte meg som hjelpeinstruktør og var med i klubben til vi flytta til Noreg.
Stor og veksande interesse
Mia, eller "Coach Mimi" som ho blir kalla, seier ho er imponert over cheerleading-laget frå Noreg, som knuser så og seia all motstand av banen i VM etter VM.
– Det er rundt 4000 som driv med idretten i Noreg. Det finnest klubbar som har 300 medlemmar og kjører audition før eventuelt opptak. Dei må rett og slett seia nei til mange.
Også i Os, som frå før har eige lag innan amerikansk fotball, ser interessa ut til å vera stor.
– At vi samlar 44 jenter på så kort varsel, med mange deltakarar både i pee-wee-klassen (6 til 10 år), junior (11 til 14 år) og i varsity (15 år og opp) synest eg er heilt fantastisk!
– Mange var sjenerte då dei kom, men vi har kjørt mange øvingar også på det med å bli kjent med kvarandre, bli utadvent, tora å bruka stemma si - og kroppen sin, seier Mimi.
– Trening, dans og kul gymnastikk
Dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält, seier han har stor tru på det nye tilbodet i idrettslaget.
– Mange som sluttar med fotball, handball eller andre sosiale idrettar saknar nok det å vera saman med andre når dei trenar.
– Her får jentene fleire ting på same tid, trening, koordinasjon, dans og det å få oppleva noko kult og sosialt.
Campen har gått frå måndag til onsdag, frå klokka 8.30 til 16.00. Onsdag var det showtime og konkurranse, kvar av dei tre aldersklassane mot kvarandre framfor ein jury.
– No skal vi bestilla uniformar og pompoms (dusker), og vi held fram med å trena utover sommaren og hausten, seier Mia Elnes.
VIDEO: Sjå utdrag av dagens test-konkurranse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)