Kristin om Kongshaug
Ser ut til å stå på sitt: Laila Reiertsen (Frp) har fått svar på spørsmål retta til kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).
I framlegg til stadsbudsjett for 2013 vil regjeringa ta vekk eit ekstratilskot Kongshaug Musikkgymnas har fått sidan 2001.
Les òg: – Dette er dramatisk
Fleire har reagert på forslaget, som i utgangspunktet råka gymnaset midt i skuleåret, blant anna stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen frå Os.
Reiertsen retta spørsmål til kunnskapsminister Halvorsen.
No har ho fått svar.
– Forslaget er med omsyn til likebehandling av private skular, skriv Halvorsen i sitt svar til Reiertsen.
Bakgrunnen er ei sak der Oslo by Steinerskole gjekk til retten då dei følte seg forskjellsbehandla etter ikkje å ha fått det ekstratilskotet Kongshaug får. I tidlegare intervju med Midtsiden har Kongshaug-rektor Oddvar Rotvik fortalt at han var vitne i denne saka og ville at Steinerskolen skulle få same ekstratilskot som Kongshaug.
Men Oslo tingrett hadde same syn på saka som Kunnskapsdepartementet, Steineskolen kunne ikkje påberopa seg forskjellsbehandling.
– Likevel meiner eg, av omsyn til likebehandling, at ekstratilskotet til Kongshaug bør avviklast, skriv kunnskapsministeren.
Ho legg til at ho "ser at det er uheldig" at skulen mister tilskotet midt i skuleåret og at ho har forståing for at Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen ønskjer å finna ei løysing på saka.
Kongshaug Musikkgymnas skal vera redda ut skuleåret.
"Som om ikke det var ille nok. Nå er det forslag om å forlenge denne utryggheten!" skriv Rotvik i eit lesarinnlegg om det at dei held på ekstratilskotet ut skuleåret.