Lokal | 12. mai 2010

Krinsane kan få fritak

Sak fremja i dag: Innbyggarar i Nordvik og Søfteland kan få fritak for bompengar.

Krinsane kan få fritak
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. mai 2010 17:23

Bompengar på nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal kjem kanskje ikkje til å råka bebuarar i Nordvik og Søfteland så hardt som dei hadde frykta.

Byrådet i Bergen vil, i sak fremja i dag, søkja om fritak for bompengar for bebuarar i Nordvik.

- Os kommune kjem til å fremja ei om lag lik sak, på vegne av Søfteland, i Os formannskap 1. juni, seier ordførar Terje Søviknes.

Les òg:
- Liten nytteverdi

Bergen og Os vil senda søknad til samferdsledepartementet, som april gav innbyggarane i to bygder rundt Trondheim tilsvarande fritak.

Dersom innbyggarane i Nordvik eller Søfteland vil bruka nyevegen til Bergen må dei sjølvsagt betala, men slik det først var planlagt ville fleire av dei ha måtta betalt bompengar for å koma seg til nærbutikk, idrettsanlegg og liknande.

Midtsiden.no kjem tilbake med meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.