Lokal | 27. feb. 2016

Krev kryss ved Klyva

Statens Vegvesen med klar tilbakemelding til Os kommune. Krysset ved Klyva skal opparbeidast etter trafikktilhøva på staden.

Krev kryss ved Klyva
Statens Vegvesen meiner krysset ved Klyva må på plass (arkivfoto: KVB)
Andris Hamrelaurdag 27. feb. 2016 11:39

Os kommune har i eit brev datert 10. februar bede Statens Vegvesen vurdera på nytt sitt krav om opparbeiding av krysset ved Klyva i samband med Bjånes-utbygginga.

I sitt svarbrev, datert 18. februar, kjem det fram at vegvesenet ikkje vil fira på kravet om opparbeidelse av krysset.

«De viser til at Bjånes Fjordbolig AS har fått dispensasjon frå rekkefølgjekrav om bygging av gang- og sykkelveg for dei første 200 bustadane under føresetnad av det vart inngått ei utbyggingsavtale for å sikre gjennomføring. De viser til at dei 20 mill. som er sett av i utbyggingsavtala skulle brukast til å sikre finansiering av gang- og sykkelvegen, og at dei ikkje kan nyttast til opparbeiding av kryss. De meiner vidare at det må kunne vurderast mellombelse løysingar for krysset.

For Statens vegvesen er det viktig at krysset blir opparbeidd slik at trafikktryggleiken på staden vert i varetatt. Vi meiner at det at det vart gjeve dispensasjon frå rekkefølgjekravet for bygging av gang- og sykkelveg, som var viktigast for kommunen å få på plass av omsyn til trafikktryggleiken, ikkje kan vere eit argument for at krysset heller ikkje skal opparbeidast.

Kryssutforming er viktig for trafikktryggleiken. Vi viser til rekkefølgjekrav i føresegnene til KDP for Bjåneshalvøya § 18 i der det mellom anna står:

Nye bygg og anlegg kan ikkje takast i bruk før:

- Trafikksikker tilkomst for gåande, syklande og køyrande er etablert.

I områder der det blir utarbeidd reguleringsplanar for langt mindre enn 200 bustadar, vert det stilt krav om å bygge kryss der det er trong for det.

Vårt utgangpunkt i denne saka er at krysset skal opparbeidast etter trafikktilhøva på staden. Det at dette er ein fylkesveg som og er fergeveg, gjer at vi vurderer det slik at det mellom anna er nødvendig med kanalisering av krysset for å hindre påkøyrsler bakfrå.

Dersom krysset ikkje vert opparbeidd i samsvar med tekniske krav kan ein rekne med at det fort kan stoppe seg i krysset på grunn av mykje trafikk og uoversiktlege tilhøve.

Når det gjeld utbyggingsavtalen mellom Os kommune og Bjånes Fjordbolig AS er det uheldig at avtalen ikkje omhandla krysset, og at det igjen gjer at krysset ikkje kan opparbeidast fullt ut.»

Vegvesenet opnar i avslutninga av brevet opp for at ein kan vurdera ei mellombels løysing, men at denne vil kunne medføra at arbeidet må gjerast på nytt når krysset endeleg skal opparbeidast. Dette vil medføra auka kostnader. Eit mellombels kryss må likefullt opparbeidast i tråd med vegvesenet sine handbøker og vera dimensjonert for utbygging av 200 bustader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.